Gå videre til innhold
Hkeem er ein av dei som vil prege våren på Det Norske Teatret. Foto: Eirik Malmo.
Hkeem er ein av dei som vil prege våren på Det Norske Teatret. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Musikalsk vår på Det Norske Teatret

Klassikarar, modige satsingar og overraskingar pregar vårens repertoar ved Det Norske Teatret. Felles for mange er likevel musikken - det blir alt frå rennesansepop, indie og chansons - til klassisk og hiphop.


Skodespelar og artist Mimmi Tambas album Semper Eadem er utgangspunktet for framsyninga med same tittel, og er ei musikalsk og pumpande hylling til alle som tør å sprenge grenser. På scenen står Mimmi Tamba i lag med Heidi Gjermundsen Broch, som blir både spegelen og motsatsen til seg sjølv. Fem dansarar og eit røfft scenerom omsluttar identitetskampen som går føre seg mellom dei to karakterane som eigentleg er ein og same person.
Urpremiere 14. januar på Hovudscenen


Ronja Røvardotter er eit frodig eventyr om korleis det er å vere barn i ei kaotisk tid, om å kjempe for det ein meiner er rett, om livsmot, venskap og å vilje forandre verda. Barna er håpet vårt, dei kan kanskje finne ei løysing på fastlåste konfliktar - det treng vi kanskje meir enn nokon gong å bli minna på om?
Premiere 4. mars på Hovudscenen


At Det Norske Teatret skal sette opp Tryllefløyta er kanskje ikkje det openberre repertoarvalet - men så er det heller ikkje ei rein operaframsyning som tek form på Hovudscenen til våren. Utgangspunktet for verket var nettopp teaterscenen. Mozart og kompanjongen Schikaneder skreiv faktisk stykket for eit folkeleg teater som eit humoristisk syngespel. I Ole Anders Tandbergs versjon bli dette klassiske meisterverk til ei fortrollande og fantasirik oppsetjing med mellom andre Charlotte Frogner, Pål Christian Eggen, Vetle Bergan og Joachim Rafaelsen i rollene.
Premiere 22. april på Hovudscenen.



Nesten 40 år etter at dei opna Hovudscenen med denne framsyninga, skal Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa igjen innta tittelrollene i
Romeo og Julie.
I bagasjen har dei nesten ein menneskealder av erfaring med kjærleiken og livet. Shakespeares kjærleiksdrama er det same, men mykje er likevel annleis når alder er snudd på hovudet. For det musikalske lydsporet står Bendik (Silje Halstensen).
Premiere 13. januar på Scene 2.


Édouard Louis’ litterære portrett av mora, Ei kvinnes kampar og forvandlingar, blir i Kjersti Horns regi til teater på Scene 2. Han hugsar ei undertrykt kvinne som oppdrog fem ungar i fattigdom. Som vaksen bryt ho opp i ønske om eit liv i fridom. Kjersti Horn har tidlegare ført tre av Louis’ romanar og essay over til scenen – med stor suksess. Også denne gongen står Emil Johnsen på rollelista, denne gongen saman med Sigrid Husjord.
Urpremiere er 17. februar på Scene 2.


Radikalt forskjellige, men med den same kjærleiken til kunsten. Sporv og engel er forteljinga om venskapen mellom Marlene Dietrich og Edith Piaf. Ein venskap dei klarte å halde skjult for omverda, trass i stjernestatusen deira. I rollene er Gjertrud Jynge som Edith Piaf og Ingeborg Sundrehagen Raustøl som Marlene Dietrich.
Noregspremiere 24. mars på Scene 2.


Fire menneske er fanga i ei slags evigvarande endetid. Det er slutt. Eller det vil seie, nesten slutt. Becketts skildring av det moderne mennesket, håpløysa i livet og meiningsløysa i tilværet finn gjenklang hos Bjørn Sundquist. Med Sluttspel er det fjerde gongen han set i scene eit Beckett-stykke ved Det Norske Teatret, der Beckett-tradisjonen står sterkt.
Premiere 19. januar på Scene 3.


Det er Kristi Himmelfartsdag. To dresskledde menn er på veg til eit hastemøte i 85. etasje hos sjefen i det internasjonale våpenfirmaet dei jobbar i. Med seg har dei ei dokumentmappe med nokre hemmelegstempla dokument. Så stansar heisen mellom to etasjar. Har dei dokument som helst ingen andre bør få auge på? Det såkalla heisstykket viser med ein god porsjon humor kapitalismens vonde ansikt.
Noregspremiere 25. februar på Scene 3.



Sudden death dreier seg om korleis historiene vi fortel kvarandre om livet – i filmar, i nyheiter, i sosiale og usosiale medium – skapar forventningar som kanskje ikkje stemmer heilt overeins med verkelegheita. Dramatikar Petter S. Rosenlund har skrive eit humoristisk og absurd manus med ein god dose samfunns- og mediekritikk.
Urpremiere 25. mai på Scene 3.


I framsyninga Abdul ≈ HKEEM deler Abdulhakim «Hkeem» Hassane historier frå oppveksten – frå han tok sine første barnesteg mellom blokkene på Stovner, til ungdomsåra med store draumar og vegen mot å realisere dei. Om presset frå heimen, frå omverda og forventingane til seg sjølv. Ei oppveksthistorie frå Oslo aust med eit særeige og prisvinnande lydspor.
Urpremiere 23. mars på Rommen Scene.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge