Gå videre til innhold
Christian Ruud Kallum og Josefine Frida Pettersen er Are og Kine, eit par som har eit destruktivt forhald.
Christian Ruud Kallum og Josefine Frida Pettersen er Are og Kine, eit par som har eit destruktivt forhald.

Pressemelding -

Når ho slår

Are og Kine blir stormforelska. Ho er så inntakande og sjarmerande, og dei har det så fint i lag som berre nyforelska par kan ha det. Men nokre gonger er ho litt underleg og avstengt, på eit vis. Og så får han det første slaget. Heilt utan forvarsel og at han skjønar kvifor.

NÆRE RELASJONAR

av Maria Tryti Vennerød
URPREMIERE ONSDAG 17. JANUAR KL. 20.00
SCENE 3

Ifølge ei undersøking utført av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress blir nærare 1 av 10 kvinner utsett for alvorleg fysisk vald i nære relasjonar, medan rett under 2% av menn seier det same. Like mange menn og kvinner seier dei har blitt utsett for mindre alvorleg fysisk vald frå partnar, men det er mindre kunnskap om vald mot menn, blant anna på grunn av at det er eit større tabu rundt det å bli utsett for vald som mann.

Tabubelagt tema

Dette temaet har dramatikar Maria Tryti Vennerød ønskt å undersøke i sitt nye stykke Nære relasjonar og i boka med same tittel (Bonnier Norsk Forlag), som kom ut i fjor. Kva gjer det med ein mann å bli utsett for ei slik krenking? Kva gjer det med hans eige sjølvbilde og integritet? Og kvifor blir nokon verande i slike forhold?

Maria Tryti Vennerød: - Eg fekk ideen til Nære relasjonar for ca ti år sidan, da eg kom i snakk med ein mann som hadde opplevd fysisk vald frå ein kvinneleg kjærast. Les heile teksten til dramatikaren.

Menn vil ikkje vere offer

Valden i Are og Kines forhold er både av fysisk og psykisk art, og byrjar nesten umerkeleg. Han mister kontakt med familie og venner, og mister etter kvart også seg sjølv.
- Han vil ikkje definere seg sjølv som eit offer, og det er det som gjer denne historien kompleks, seier Marie Blokhus, som denne gongen er regissør. Ho har plassert skodespelar Christian Kallum i ein «white box» av skjørt papir inne i black boxen på Scene 3. Der framfører han teksten aleine på scenen, gjennom tankar og betraktningar Are har rundt det som skjer, der publikum får innblikk i korleis han unnskuldar og bortforklarar det Kine gjer mot han. I glimt som verkar å vere frå mobiltelefonane til paret, får publikum innblikk i forholdet med Kine (spelt av Josefine Frida Pettersen), og korleis det går frå rosenraudt til å bli eit spinn av subtile anklagar, insuinasjonar til regelrett grov vald. Men også i kor fint dei kan ha det innimellom slaga.

Related links

Emner

Regions



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Nære relasjonar
    Nære relasjonar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    1703 x 1305, 1.05 MB
    Last ned
  • Skodespelar og regissør Marie Blokhus portrett
    Skodespelar og regissør Marie Blokhus portrett
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2926 x 4682, 5.67 MB
    Last ned
  • Dramatikar og forfattar Maria Tryti Vennerød portrett
    Dramatikar og forfattar Maria Tryti Vennerød portrett
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Bonnier Norsk Forlag
    Størrelse:
    5463 x 3642, 11.2 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4182 x 2788, 3.15 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4512 x 3008, 3.07 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4540 x 3027, 3 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4608 x 3072, 3.44 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4608 x 3072, 3.02 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4493 x 2995, 3.84 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Framsyningsfoto Nære relasjonar
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4461 x 2974, 3.71 MB
    Last ned