Gå videre til innhold
Tuva Holen spelar rolla som dottera Ane. Foto: Kim Hiorthøy.
Tuva Holen spelar rolla som dottera Ane. Foto: Kim Hiorthøy.

Pressemelding -

Ny framsyning av Goksøyr & Martens

Del to i pentalogien LIVET av Goksøyr & Martens

DOTTERA (LIVET 2)
URPREMIERE 23. februar kl 18.00
HOVUDSCENEN

DOTTERA er ei historie om ein familie. Om mine barn og dine barn, og ho som berre bur litt her, fordi ho bur mest hos mor si. Det er ei forteljing om korleis alt i løpet av ei natt kan gå sund, sjølv om vi alle lengtar etter det same.

Framsyninga er del to i pentalogien LIVET - ei rad med framsyningar som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. Sceneteksten er basert på samtaler med foreldre, steforeldre, barn og ungdom.

RØYNDA I FUGLEPERSPEKTIV

Goksøyr & Martens ønskjer å skape forteljingar som konfronterer røynda, som knyt teateret til dei sosiale og politiske forholda i samtida, og som synleggjer både kva vi menneske fryktar og kva vi drøymer om. Metoden er journalistisk. Goksøyr & Martens arbeider med fugleperspektivet som eit berande prinsipp, og gir publikum hovudtelefonar som formidlar eit tredimensjonalt lydbilde.

Goksøyr & Martens blei etablert i 1997 av Toril Goksøyr og Camilla Martens. Dei har tidlegare vist framsyninga 11 ÅR ved Det Norske Teatret. Prosjektet er utvikla ved Dramatikkens hus.

Related links

Emner


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter