Gå videre til innhold
 I tittelrolla som tante Jane møter du Marit Adeleide Andreassen. Foto: Fredrik Arff.
I tittelrolla som tante Jane møter du Marit Adeleide Andreassen. Foto: Fredrik Arff.

Pressemelding -

Nyskrive teaterstykke av Tore Renberg

Pass deg for denne dama, ho kjem ned dårleg nytt!

TANTE JANE
URPREMIERE 14. MARS
SCENE 3

Bananasfeminisme. Botoxfeminisme. Alltid boblar i glaset-feminisme. Møt tante Jane. Ho har sett kvardagen i halsen og har øksa klar til hogg. Som ei Nora av i dag vil ho at det vedunderlegaste skal skje. Men mellom ho og fridommen står, som ofte før i historia, ein ektemann. 

Tante Jane er eit nyskrive teaterstykke av Tore Renberg. I tittelrolla møter du Marit Adeleide Andreassen, og regi er ved Fridtjov Såheim.

EI TID STYRT AV KJENSLER OG IKKJE FAKTA
Jane er ei dame midt i livet som opplever at ho er sett til sides og trakka på. Lerkefuglen har slutta å synge, og er ikkje lenger fri. Alt har stoppa opp. Begeret er heilt fullt. Sjølv kjenner Jane seg som ei i den lange rekka av kvinner som har blitt urettvist behandla. Ei moderne Jeanne d'Arc, og ei syster av alle dei som blei brunne på bålet. Eit offer for undertrykking i eit frykteleg samfunn, og menn som styrer.

- Eg kjende ei form for grotesk glede medan eg skreiv Tante Jane, samstundes som eg fraus litt i nakken, seier Tore Renberg. - Bananasfeminismen til Jane har vore noko av motivasjonen medan eg har skrive stykket. Ein feministisk praksis der du kan plukke med deg det som passar deg og kjenslene dine best, og kalle det feminisme, utan at det har noka rot i røynda. Nett slik det er i elles i den postfaktuelle tida vår, der vi helst ikkje sjekkar fakta, men held oss til kjenslenes lovgiving. Å føle noko er tilstrekkeleg.

SEKS PERSONAR I EI KJØTTKVERN
Ifølge Tore Renberg så var sjangeren komedie eller ein leik med den klassiske farsen rette sjangeren for historia om tante Jane. Eit forviklingsplott der seks personar hamnar oppi ei kjøttkvern. Alt skjer på eit par timar, og han kan ikkje love ein lykkeleg slutt.

-Eg kunne godt ha skrive om Jane i ein annan sjanger. Men her verka farsen som den rette sjangeren. Nettopp fordi det er slik nokre av oss oppfattar den hysterisk tendensen i samtida, som farseaktig. Denne postfaktuelle galskapen. Eg tenker òg at samtidssatiren alltid har vore eit nyttig verkty for å kommentere notida. Men det er mogleg at latteren blir sittande fast litt etter kvart som stykket skrid fram. Det blir i alle fall spanande å sjå kva regissør Fridtjov Såheim og Marit Adeleide Andressen i rolla som Jane finn på, avsluttar Renberg.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge