Gå videre til innhold
Slik Gud ifølgje Bibelen forma menneska i sitt bilde, har menneska forma naturen i sitt. Foto: Eirik Malmo.
Slik Gud ifølgje Bibelen forma menneska i sitt bilde, har menneska forma naturen i sitt. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Olje og vatn - naudsynte for menneskets eksistens

Naturens velsigning og forbanning.


OLJE OG VATN
Premiere 2. september kl. 19.30
Scene 2

Olje og vatn er viktige komponentar i alle moderne menneske sine liv. Der det eine er forbunde med liv og sunnheit, som ein føresetnad og eit vilkår, blir det andre fort knytt til forureining, profitt, grådigheit og naturkatastrofar. Olje og vatn kan ikkje blandast, dei vil skilje seg. Menneskets jag etter livsgrunnlag og utvikling er avhengig av tilgang til begge naturressursane. Kva skjer når vi menneske begynner å tukle med naturen?

Menneska er kasta ut av paradiset. No kjempar dei for å skape eit nytt. På oljefeltet Paradise Hill er arbeidet i gang. Blir det lys?

Oljebasseng på scenen

Regissør Mina Salehpour har arbeidd fram stykket Olje og vatn saman med skodespelarane. På Scene 2 vil verder oppstå og forsvinne, får så å gjenoppstå, og publikum blir tatt med på ei stor reise. Eit visuelt slåande scenebilde av Andrea Wagner beståande av eit basseng av svart granulat fyller heile speleplassen og er lyssett av Kyrre Heldal Karlsen. Her vil skodespelarane bade, dykke og grave seg ned, i kostyme av Maria Anderski, til episk musikk og lydlandskap signert komponisten Sandro Tajouri. Tekstane er inspirerte av bibelske tekstar og evangelium, i tillegg til Upton Sinclairs roman OIL! frå 1927. På scenen står Marianne Krogh, Andreas Koschinski Kvisgaard, Gina Bernhoft Gørvell, Thea Lambrechts Vaulen og Pål Christian Eggen. 

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge