Gå videre til innhold
Don Martin, Castro og Fela, har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege songtekstar om identitet fødde. FOTO Michael Ray Vera Cruz Angeles
Don Martin, Castro og Fela, har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege songtekstar om identitet fødde. FOTO Michael Ray Vera Cruz Angeles

Pressemelding -

OPNING AV DET NORSKE TEATRET PÅ ROMMEN SCENE

Det Norske Teatret i Groruddalen

OPNING AV DET NORSKE TEATRET PÅ ROMMEN SCENE

23. JANUAR

Onsdag 23. januar kl. 18.40 er det offisiell opning av innrykket til Det Norske Teatret i Groruddalen. Kulturminister Trine Skei Grande, teatersjef Erik Ulfsby og dagleg leiar ved Rommen Kultursenter Erik Aldner vil stå for den offisielle delen av programmet. SPKRBOX har ansvaret for den kunstnarlege delen og klokka 19.00 står Don Martin og Castro-brørne på Rommen Scene, eit steinkast bortanfor blokkene dei fortel om i den kritikarroste framsyninga Blokk til blokk.

TANTE ULRIKKES VEI FØRSTE URPREMIEREN
Når teateret no etablerer seg i Groruddalen er det i samarbeid med gode lokale krefter. Intensjonen er å skape nye framsyningar med utgangspunkt i det kreative miljøet som veks fram i denne delen av byen, men òg å spele framsyningar som til vanleg går i repertoar på teaterets faste scenar i Kristian IVs gate. Med mange fulle hus er dette eit smart logistisk grep, og ein spennande ny kunstnarleg og politisk sjanse for teateret. Dramatiseringa av Zeshan Shakars roman Tante Ulrikkes vei er den første produksjonen laga for Rommen Scene og det er eit poeng at den får uroppføringa nettopp i det miljøet den skildrar.

Det Norske Teatret ønskjer dessutan at teateret skal komme flest mogleg til gode. Kunst og kultur skal vere tilgjengeleg, demokratisk og den skal gje eit mangfald av opplevingar. Kunstnarleg skal Det Norske Teatret bli enda meir ambisiøs i åra som kjem. Publikum skal kunne finne teateret på nye stader og i nye format, og teateret som språkarena og kraftsenter for nynorsken skal styrkast.

EIN DEL AV KVARDAGEN TIL FLEST MOGLEG

Eksponering for kultur gir auka kulturinteresse. Trening i kulturbruk bidreg til ein positiv spiral med meir bruk. Det Norske Teatret vonar denne utvidinga til Groruddalen vil dra veksel på dette, både ved at repertoaret blir meir mangfaldig, men òg ved at publikum oppdagar nye, ukjente sider ved det norske.

-Det Norske Teatret har dei seinare åra løfta fram historier om og frå miljø som ikkje er skildra tidlegare i dramatikken. Blokk til blokk som for tida fyller scenen kveld etter kveld er ei hylling av hip hop og gir eit bilde av oppvekst på Haugenstua og Romsås. Dette kom i stand i eit samarbeid med SPKRBOX, ein av fleire aktørar som vi no ønsker å knytte oss tettare til. Utafor i samarbeid med Just Unity sette utanforskap på agendaen og ungdommar frå heile byen deler erfaringar kring temaet på scenen. Slike viktige kontaktar har gjort oss kunstnarleg nysgjerrige. Når vi no etablerer ein satelittscene så gjer vi det fordi vi ønsker å vere ein permanent del av kvardagen til flest mogleg i denne byen og på den måten bidra til å styrke den profesjonelle scenekunsten, også i Groruddalen, seier Erik Ulfsby.

Satsinga på Rommen Scene er støtta av OBOS presenterer.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Pressekontakt

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge