Gå videre til innhold
Lehmantrilogien fekk strålande kritikkar, men møtte mange humpar i vegen. Både pandemi og streik bidro til avlyste framsyningar. Foto: Erika Hebbert.
Lehmantrilogien fekk strålande kritikkar, men møtte mange humpar i vegen. Både pandemi og streik bidro til avlyste framsyningar. Foto: Erika Hebbert.

Pressemelding -

Oppsummering av eit turbulent år

Det Norske Teatret gjennomførte årsmøte laurdag 30. april. For første gong på tre år blei møtet halde fysisk med vel 200 frammøtte.

Året i tal
Kort oppsummert viser tala for 2021 eit besøkstal på 73 385 (103 018 for 2020 og 280 116 for 2019). Av desse var 20 037 (10 232 for 2020) på digitale direktestrøymingar som gav nærare dryge halvannan million i inntekt. . Samla billettinntekter var på 11 millionar kroner ( 21 i 2020 og 75 i 2019). Trass uvanleg låge eigeninntekter fekk teateret, på grunn av kostnadskutt og ekstra støtte, eit positivt årsresultat på 1,4 millionar kroner (-4,4 i 2020).

- Styret er imponert over alt teateret har fått til av nye produksjonar, framsyningar og formidling under dei krevjande omstenda i 2021. Den kunstnarlege utviklinga har vore like god som i eit normalår. Økonomisk og som organisasjon har teateret blitt sett på harde prøver, men likevel greidd seg godt. Ekstra støtte frå Kulturdepartementet har vore ein føresetnad for at dette let seg gjere, seier avtroppande styreleiar Nina Refseth.

Nok eit utfordrande år
2021 skulle vise seg å bli enda meir utfordrande enn det 2020 var. For det samla kulturfeltet generelt, og for Det Norske Teatret spesielt, har det vore vanskeleg å forsone seg med tilhøva som kulturlivet blei underlagt av styresmaktene under pandemien.

- Ubehaget ved å sjå kor langt ned på prioriteringslista kulturlivet blei sett, var stort ved inngangen til 2021. I hovudstaden var heile feltet stengt og usikkerheita som råda var stor. Det Norske Teatret styrte likevel etter strategien som blei lagt for pandemien – teater trass alt, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Det Norske Teatret heldt altså fram med å prioritere å skape kunst. Våren 2021 hadde vi full produksjon av repertoaret slik det opphavleg var planlagt. Ikkje berre ga det meining i eit tilvêre tappa for kunstnarleg utfalding, men det gjorde også teateret i stand til å vere klar for å kunne spele den dagen samfunnet opna igjen. Dei mange premierane vitna om kunstnarleg utvikling og intensitet.

- Vi måtte planlegge på veldig lang og på veldig kort sikt, seier teatersjef Erik Ulfsby. – Likevel har vi klart å halde på entusiasmen og motet. 

Store endringar i styret

Nina Refseth takkar av etter tre år som nestleiar og 11 år som leiar i styret ved eit teater som gjennom heile denne perioden har styrka posisjonen sin i det norske scenekunstfeltet.

- Det har vore ei rivande utvikling i desse åra, både kunstnarleg og ikkje minst med omsyn til publikumsutviklinga. Sjølv om dei siste to åra har vore utfordrande, gjer kunstnarleg mot og sterk kultur mellom dei tilsette at teateret er svært godt rusta frametter, seier Refseth.

Ny styreleiar ved Det Norske Teatret er Hilde Barstad. Barstad var i perioden 2011-2017 direktør for Kulturetaten i Oslo kommune og sat som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet frå 2020 til 2021. Ho har hatt fleire styreverv innanfor nynorske kultur- og næringstiltak, mellom anna i Oslo Filharmonien, Oslo Jazzfestival, Oslo Konserthus, Oslo Nye Teater, Ungdommens Kulturmønstring, Nynorsk kultursentrum og Dag og Tid. Hilde Barstad er i dag direktør for Kirkens Familievern.

- Det er ei stor ære å bli vald som styreleiar i Det Norske Teatret, eit teater som får fram det ypparste vi har av teaterkunst i landet. Eg ser fram til å bli kjend med og samarbeide med heile teaterorganisasjonen, seier Barstad.

Etter val på årsmøtet har styret denne samansetjinga: Hilde Barstad (styreleiar), Steinulf Tungesvik (nestleiar, attvald for 2 nye år), Shazad Rana, Magni Hjertenes Flyum, Inger Lise Rettedal, Lasse Kolsrud og Åshild Mjelde Nordås.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge