Gå videre til innhold
Preben Hodneland frå Lindås utanfor Bergen og Julie Moe Sandø frå Trondheim er blitt faste i ensemblet ved Det Norske Teatret. Foto: Siren Høyland Sæter.
Preben Hodneland frå Lindås utanfor Bergen og Julie Moe Sandø frå Trondheim er blitt faste i ensemblet ved Det Norske Teatret. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Preben Hodneland og Julie Moe Sandø er fast tilsette ved Det Norske Teatret

I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Julie Moe Sandø og Preben Hodneland.

- Det er alltid ei glede styrke det faste ensemblet ved teatret med nye skodespelarkrefter. Både Julie og Preben har over år vist at dei er allsidige skodespelarar med både djupn, humor og musikalitet, så dei vil vi garantert ha stor glede av framover, seier ein glad teatersjef Erik Ulfsby. Han synast det er ei ekstra stor glede å kunne gi to skodespelarar trygge rammer i ei usikker tid som den vi er inne i.

Preben Hodneland (34) var utdanna prosessteknikar og arbeidde på Mongstad før han tok skodespelarutdanninga ved Statens Teaterhøgskole (2011 - 2014). Han debuterte ved Den Nationale Scene i Bergen i Vaffelhjarte, der han også seinare har hatt tittelrolla i Hamlet. Hodneland har også hatt oppdrag ved Trøndelag Teater. Ved Det Norske Teatret har han m.a. spelt rolla som Mercutio i Romeo og Julie og tittelrollene i Macbeth og Raskolnikov. Sistnemnde fekk han Heddaprisen for Beste mannlege skodespelar for i 2020. I 2018 vann han prisen for Beste mannlege medspelar for rolla som eldste McKinley i The Book of Mormon. Hodneland har også medverka i TV-seriane Heksejakt og Magnus og i filmane Alt det vakre og Når jeg faller, der han også hadde hovedrolla og blei nominert til Amanda som Beste mannlege skodespelar (2019).

Julie Moe Sandø  (33) frå Trondheim er utdanna med Göteborgs Universität, Högskolan för scen och musik (2011 - 2014). Ho medverka i fleire oppsetjingar ved Trøndelag teater før ho utdanna seg, og har også etter endt utdanning vore knytt til dette teatret. Frå 2016 har Moe Sandø vore tilsett ved Det Norske Teatret og hatt store roller, m.a. som mor i Goksøyr&Martens-framsyningane 11 ÅR og DOTTERA, og hadde større roller i musikalane Tenk om og Lazarus. For tida er ho aktuell i Bestialitetens historie, Bienes historie, Trilogien og Slåttekar i himmelen. Til våren skal ho også spele rolla som Rapunsel i Sondheim-musikalen Into the Woods. Julie Moe Sandø er også vokalist i bluegrassbandet Julie & The New Favourites.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge