Gå videre til innhold
Kjersti Horns familiemusikal får premiere på Rommen Scene laurdag 16.oktober kl. 15.00.
Kjersti Horns familiemusikal får premiere på Rommen Scene laurdag 16.oktober kl. 15.00.

Pressemelding -

Premierer denne veka: Lund og Lorca på Scene 3 og Min venn, romvesenet på Rommen Scene

MIN VENN, ROMVESENET

PREMIERE 16. OKTOBER KL. 15.00

ROMMEN SCENE

Min venn, romvesenet er ein leiken familiemusikal med eit alvorleg tema. Kjersti Horn har skrive manus og har regien på ei av dei mange satsingane på barn og unge på Rommen Scene i haust. Emilie Christiensen og gruppa No. 4 står for musikken. Vi møter seks år gamle Ellie (Catharina Vu) som bur i ei utriveleg leiligheit med mor, to brør og ein ganske uhyggeleg stefar. Ho er opptatt av verdsrommet og ein dag oppdagar ho at nokon der ute er like aleine som ho sjølv. 

Scenograf og kostymedesign er ved Katja Ebbel Fredriksen, lyddesign ved Erik Hedin og på scenen står også Kaia Varjord, Preben Hodneland, Judy Nyambura Karanja, Frode Winther, Manish Sharma, Sigrid Husgjord og Christian Eidem.

Framsyningsfoto ved Erika Hebbert.


LUND OG LORCA

PREMIERE 12. OKTOBER KL. 18.00

SCENE 3 (KAFESCENEN)

Trini Lund takkar av etter ei lang og innhaldsrik karriere ved Det Norske Teatret. Med seg på scenen har ho poesien til den spanske diktaren Frederico Garcia Lorca, ein forfattar som har følgd Trini Lund gjennom heile livet. Tom S. Lund har tonesett dikta som er omarbeidd og sett saman av Trini Lund. Det blir ein musikalsk poesiaften med to som tidleg kjente seg i opposisjon til den katolske kyrkja. 

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Min venn romvesenet 19 (1).jpg
    Min venn romvesenet 19 (1).jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    7360 x 4912, 3.91 MB
    Last ned
  • Min venn romvesenet 17.jpg
    Min venn romvesenet 17.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    7360 x 4912, 2.49 MB
    Last ned
  • Min venn romveseenet 20 (1).jpg
    Min venn romveseenet 20 (1).jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    7360 x 4912, 3.58 MB
    Last ned
  • Min venn romvesenet 1 (1).jpg
    Min venn romvesenet 1 (1).jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    7360 x 4912, 2.75 MB
    Last ned
  • Min venn romvesenet 10 (1).jpg
    Min venn romvesenet 10 (1).jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    7360 x 4912, 2.54 MB
    Last ned
  • Min venn romvesenet 12 (1).jpg
    Min venn romvesenet 12 (1).jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5862 x 4187, 1.79 MB
    Last ned