Gå videre til innhold
I dyrtid er gode råd dyre. Men å stele er gratis. Marie Blokhus i prøvar til Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
I dyrtid er gode råd dyre. Men å stele er gratis. Marie Blokhus i prøvar til Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Prisras på Scene 3! Alt skal vekk!!

Kva om all kunst var gratis? Ville kunsten vore annleis? Ville andre oppsøkt han, eller ville publikum forblitt det same? Kjem det fleire? Dette og meire til vil teateret undersøke gjennom Alt er gratis*-perioden på Scene 3, som blir sparka i gang med ei komedie om kjerringer som ikkje vil betale for seg i butikken.

ALT ER GRATIS* frå 19. oktober og ut året
PREMIERE PÅ VI BETALER IKKJE! VI BETALER IKKJE!
av Dario Fo
TORSDAG 19. OKTOBER KL. 20.00
SCENE 3

Alt blir dyrare. Matvareprisane. Bustadprisane. Straumprisane. Dette har Det Norske Teatret no tatt konsekvensen av, og gjer perioden fram til nyttår heilt gratis for publikum på Scene 3. Perioden blir sparka i gang med den elleville komedien av Dario Fo; Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje!.

I denne samfunnssatiren av den tidlegare Nobelprisvinnaren i litteratur, blir avmakt til motmakt når husmødrene slår tilbake og sjølve bestemmer kva dei meiner matvarene i den lokale butikken er verdt. Litt hundemat, ein pose linfrø, harehovud. Her er det berre å forsyne seg, i protest mot dei galopperande blodprisane i butikkhylla.

Framsyningar og eksperiment

I tillegg til produksjonen Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! og Hans og Grete, som er programmert og blir produsert av Det Norske Teatret, vil det vere ei rad ulike hendingar på Scene 3 under Alt er gratis*-perioden. Det er både samarbeid med det frie scenekunstfeltet og teaterets eigne tilsette som vil stå for teater- og konsertframsyningar, framsyningar frå Det Norske Teatrets repertoar og meir eksperimentelle stunt, i tillegg til ein serie "Refleksjonsrom".

- Det er på tide å trimme suksessen og å dykke enda djupare ned i undersøkinga av kva scenekunsten skal og kan vere, seier teatersjef Erik Ulfsby. Les meir.

Gjennom Refleksjonsrom vil dramaturg Julian Blaue, som nyleg avslutta eit kunstnarleg-vitskapleg PhD-prodjekt om økonomisk ulikskap, sette søkelyset på nett økonomisk ulikskap og eksklusjon i desse dyrtider. Her vil teaterteoretikarar, samfunnsdebattantar, forfattarar, kunstnarar og filosofar bli inviterte til å reflektere over (den ujamne) fordelinga av felles gode, og kva det har å seie for kunsten. Prisstiginga gjeld også inngangen til kulturen.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge