Gå videre til innhold
Ola G. Furuseth i rolla som dommar Adam og Sara Khorami i rolla som ungjenta Eva. Foto: Dag Jenssen.
Ola G. Furuseth i rolla som dommar Adam og Sara Khorami i rolla som ungjenta Eva. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Rettsalssdrama med skjær av komikk

Rettsalssdrama med skjær av komikk

DEN KNUSTE KRUKKA
PREMIERE 24. JANUAR
SCENE 3

Tausheit speler hovudrolla i Heinrich von Kleist sin komedie Den knuste krukka som har premiere 24. januar på Scene 3. Ikkje kva tausheit som helst, men den tausheita offer for seksuell trakassering ofte må bere for å unngå å bli straffa ytterlegare.

I den vesle landsbyen Husum blir ei sak ført for retten. Same dag er ein utanbys inspektør på plass for å kontrollere rettspraksisen i området. Dette fører til at landsbydommaren, Adam, blir tvinga til å føre ei sak der han også er gjerningsmannen. Dommaren som kan råde over framtida til ungjenta Eva har brukt denne makta som pressmiddel for utuktige handlingar. I løpet av rettsforhandlingane blir maktmisbruk og klåfingra dommarar gradvis avkledde, medan krukka som symbol for Evas uskuld viser seg å vere umogleg å reparere.


RELEVANT 200 ÅR ETTER UTGIVINGA

Heinrich von Kleists lystspel frå 1808 er blant dei mest spelte drama i det tyske teateret. Dommar Adam representerer makta i dette vesle samfunnet og blir eit symbol på det korrupte i systemet. Kleist maktar med humor og brodd å løfte fram gamal inngrodd ubalanse i samfunnet som gjer stykket relevant for eit publikum over 200 år etter utgivinga. Handlingane er velkjende. At makt kan føre til grenseoverskridande åtferd er dessverre framleis ei kjensgjerning. Dommaren får straffa si og loven blir stramma opp. Men krukka er like knust, i likskap med Eva. For skaden er skjedd og kan ikkje bøtast.

REGISSØR HAR LENGE ØNSKA Å SETTE OPP KLEISTS

Regien på Den knuste krukka er ved Johannes Holmen Dahl. Han har lenge hatt lyst til å gjere noko med Kleist sine tekstar.

- I Tyskland blir han ofte spelt, her heime kjenner vi han ikkje like godt. Teksten som er frå 1808 har eit godt plot. Den er morosam og original, bilderik og teatral. Kleist skriv friskt og samfunnskritisk, noko som resonnerte godt i meg trass i at stykket kom ut for godt og vel 200 år sidan. Den knuste krukka kunne ha vore ei skildring av dagens situasjon i visse kretsar, eller i visse system.

Johannes Holmen Dahl er knytt til Det Norske Teatret som husregissør for ein periode på 5 år. Han mottok i 2018 Heddaprisen for beste regi på Glassmenasjeriet ved Trøndelag Teater, og Heddaprisen for beste audiovisuelle design for Antigone på Det Norske Teatret.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Pressekontakt

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge