Pressemelding -
Scene 3 hyllar A4-livet
Taume P. Dery kjente eit press for å bli noko stort. Noko han ikkje var. Noko han ville bli hugsa for. Dette er utgangspunktet for den ganske speisa framsyninga Psychic. Det er også er den første urpremieren Tani Dibasey og Only Slime produserer på Det Norske Teatret.
PSYCHIC
av Tani Dibasey og Only Slime
URPREMIERE TORSDAG 27. MARS KL. 19.00
PÅ SCENE 3
Taume P. Dery er ein ganske vanleg fyr, ein interaksjonsdesignar som jobbar i Det Norske Veritas. På fritida gjer han stand up på diverse barar og pubar. I tillegg spelar han litt teater. Han har hovudrolla i sitt eige liv. No har han også hovudrolla som "Taume" i den ferske framsyninga Psychic på Det Norske Teatret.
Lenge kjente Taume på eit press for å gjere noko ut over det vanlege. Men han fann eigentleg ut at han var ganske nøgd med det han hadde. Eit A4-liv med fast jobb og inntekt. Og å drive med teater og vitsar på si´.
- Eg gjer ikkje dette for å komme meg vekk frå den «vanlege» jobben. Den er også ein del av draumen! Les heile intervjuet med Taume P. Dery.
Men denne innsikta kom ikkje av seg sjølv. Likevel slapp den verkelege Taume å gå gjennom like utanomjordiske utfordringar som "Taume" i framsyninga.
Bortført av aliens
I teaterframsyninga Psychic blir "Taume" bortført av aliens, og må gjennom ulike prøvelsar for å finne ut kven han er. Han blir fortalt at han er "den eine", men sjølv synest han at han er middelmådig i det meste. Det viser seg at det er nettopp det som er perfekt!
- Det er dette det handlar om i Psychic, forklarar Dery.
- Om å sette pris på det ein har, og ikkje streve for å bli noko ein ikkje er. Det er ikkje verd prisen. Nei, la oss heller feire det heilt vanlege livet!
Related links
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.