Gå videre til innhold
Scene 3 tar tempen på Noreg

Pressemelding -

Scene 3 tar tempen på Noreg

Gjengen på Scene 3 er aktuelle med ytterlegare to framsyningar. DIAMOND. PLANET tar for seg korleis vi ignorerer verdsproblem som ikkje vedkjem oss direkte. SAYKOLUHJEE stiller spørsmål ved om vestleg psykisk helsevern tek inn over seg kulturforskjellar, eller berre er tilpassa den øvre, kvite middelklassa.

DIAMOND. PLANET

av Tani Dibasey
OSLO-PREMIERE TYSDAG 25. FEBRUAR KL. 18.00

SAYKOLUHJEE

av Tani Dibasey
NYPREMIERE 5. MARS KL. 18.30

I DIAMOND. PLANET blir det servert drikke og snacks til publikum, som samtidig får sjå bilde av krigar, miljøøydeleggjingar og urett som går føre seg ute i verda. Alt medan det er veldig hyggeleg stemning. Tekstane på scenen er mellom anna skapt av ein ordgenerator som er mata med orda norway, oil, money, brown cheese, fjords, privilege, boats og "granca". Det dei vil forsøke å finne ut, er om vi i det heile er i stand til å ta stilling til noko utanfor oss sjølve.

SAYKOLUHJEE samlar ein gjeng frå det regissør Tani Dibasey omtalar som "african community" for å diskutere psykisk helse i eit kulturkritisk perspektiv. Publikum blir vitne til fortrulege samtalar om identitet, relasjonar og "korleis ein eigentleg har det". Er ADHD det same som "a lot of energy", eller noko ein må medisinere? Kor viktig er fargen på huda di for korleis du har det i Noreg?

Begge framsyningane hadde opphavleg premiere i 2024, og Aftenposten meinte at Tani Dibasey "vider en ny vei for norsk teater" med Saykoluhjee.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • (gjestespill)diamond-planet (1).png
    (gjestespill)diamond-planet (1).png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    3840 x 2010, 3.56 MB
    Last ned
  • (gjestespill)Saykoluhjee NY.png
    (gjestespill)Saykoluhjee NY.png
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .png
    Størrelse:
    3840 x 2010, 2.6 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Saykoluhjee
    Framsyningsfoto Saykoluhjee
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 666 KB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Saykoluhjee
    Framsyningsfoto Saykoluhjee
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5616 x 3744, 4.26 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Saykoluhjee
    Framsyningsfoto Saykoluhjee
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5616 x 3744, 4.13 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Diamond. Planet
    Framsyningsfoto Diamond. Planet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    8192 x 5464, 12.1 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Diamond. Planet
    Framsyningsfoto Diamond. Planet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    8192 x 5464, 8.96 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Diamond. Planet
    Framsyningsfoto Diamond. Planet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    768 x 1024, 260 KB
    Last ned