Gå videre til innhold
Thea Borring Lande og Charlotte Frogner i heftig kroatisk dans. Foto: Siren Høyland Sæter.
Thea Borring Lande og Charlotte Frogner i heftig kroatisk dans. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Skodespelarband startar opp Bikubekveldane

Haustens Bikubekveldar startar med kroatiske pølser, store kjensler og østeuropeisk rock. Bandet, som utelukkande består av skodespelarar frå framsyninga Den siste kongsfesten, kan ein oppleve heilt gratis under Oslo Kulturnatt.

BIKUBEKVELD: KROATISK KVELD
FREDAG 14. SEPTEMBER KL. 22.30
BIKUBEN, DET NORSKE TEATRET
OSLO KULTURNATT, GRATIS INNGANG

Den siste kongsfesten er ikkje over, det er meir ćevapčići igjen! Vil du høyre kroatiske folketonar, eit par rockelåtar og den evige slaviske kolo-dansen? Bandet Smrti tece er skodespelargjengen som spelar i Den siste kongsfesten. Det blir god stemning og kjøt på grillen.

Bikubekveld er Det Norske Teatrets faste fredagskveldstilbod. Ein kan for eksempel ta turen etter å ha sett ei framsyning, eller etter å ha inntatt fredags-tacoen. 22.30 kvar fredag er det anten konsert, gjestespel, open mikrofon eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre - eller noko heilt anna på scenen i Bikuben.

Les meir om programmet for alle Bikubekveldane her.

BIKUBEKVELD HAUSTEN 2018:

14. september
KROATISK KVELD

21. september
AMANDA KAMARA

5. oktober
PETTER WINTHER MED BAND

12. oktober
SLAM!

19. oktober
MUNKERUD TURN

26. oktober
NORSK PÅ NORSK

2. november
ATTEND THE TALES OF SONDHEIM

9. november
(WO)MAN UP!

16. november
MONOLOGBONANZA

23. november
THE BOOK OF MORMON SYNG MOTOWN

30. november
TIRIL HEIDE STEEN OG TRIO

7. desember
BEST OF THE DOORS

14. desember
DIGRESJON SYNG JULA INN

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter