Gå videre til innhold
Iŋgor Ántte Áilu Gaup i Olbmot. Foto: Aslak Mikal Mienna.
Iŋgor Ántte Áilu Gaup i Olbmot. Foto: Aslak Mikal Mienna.

Pressemelding -

Skuggar frå fortida

Korleis kan vi leve vidare med skuggane frå fortida?

​OLBMOT / FOLK
​Gjestespel frå Beaivváš Sámi Našunálateáhter
LAURDAG 8. OG SØNDAG 9. FEBRUAR ​
​PÅ SCENE 3

​​Framsyninga Folk, eller Olbmot på samisk, er eit forsøk på å bearbeide tankar og inntrykk frå vår nære og vonde historie. Rasebiologien har ramma - og rammar den dag i dag - ulike folkeslag. Kanskje har det vore lettare å snakke om det som eit fenomen utanfor vårt heimlege land, enn noko som eksisterer innanfor? Olbmot tek ikkje stilling, men fortel og viser fram ulike fragment og historier frå ei nær fortid vi ikkje bør gløyme.

​Framsyninga er kome til i samarbeid med Arktisk Filharmoni, og musikk frå musikarar på scenen er i lag med video eit viktig berande element.

Framsyninga er tospråkleg og passar for alle som kan norsk eller nordsamisk.

Les meir om framsyninga på våre nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter