Gå videre til innhold
Kjersti Dalseide er Den gravide jenta og Pål Christian Eggen er Optimisten i framsyninga basert på songar og tekstar av Stein Torleif Bjella. Foto: Åsne Dahl Torp/Det Norske Teatret.
Kjersti Dalseide er Den gravide jenta og Pål Christian Eggen er Optimisten i framsyninga basert på songar og tekstar av Stein Torleif Bjella. Foto: Åsne Dahl Torp/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Stein Torleif Bjellas songar blir teater

Karakterane frå Stein Torleif Bjellas låtar blir levande i vårens store musikalske satsing på Det Norske Teatret. Til hausten blir det turné med Riksteatret.

KAN NOKON GRIPE INN
URPREMIERE LAURDAG 14. JANUAR KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Hovudscenen på Det Norske Teatret er gjort om til ein togstasjon ein eller annan gudsforlatt plass. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er framleis liv i stasjonsbygningen. Her møtest eit knippe karakterar med bakgrunn frå dei hjartevarme, kloke og melankolske songane til ein av vår tids store visekunstnarar; Stein Torleif Bjella. Dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal komme, som søker kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

LIVE BAND PÅ SCENEN
Eit band på turné ventar på toget og blir motoren i ei framsyning som er mest som ein teaterkonsert, der den eine låta tek den andre. Regissør Lasse Kolsrud har tidlegare vist at han  har godt handlag med teater der musikken har ein sentral plass, og har m.a hatt suksess med Bikubesong med musikk av The Smiths og Sånne som oss med musikk av John Olav Nilsen og gjengen. Hos Bjella er kvar song er ei forteljing, og i forteljingane finst karakterane. Vi møter jenta som ein gong var den hottaste baben, men som no er svikta og åleinemor, gravid med barn nummer to med far nummer to. Her er han som har gjort karriere av å «vera fyrsteelskar ei tid, og seta gamle hus i stand». Her er paret som har mista barnet sitt, og slit med å halde på ekteskapet i sorga, den einsame puslingen som ikkje vil vere ein «innegubbe, som står bak gardine, som ein skugge». Og ikkje minst Kunstnaren, som prøver å finne ei større meining bak det heile.

GJENKJENNELEGE TEMA
Det handlar om vanlege folk, som alle «strir med sitt», som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar. Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode Liv, som kom ut i haust.

Høyr låtane som er med i framsyninga

Kan nokon gripe inn er ein samproduksjon med Riksteatret. Turnépremieren blir på Ål Kulturhus den 11. oktober 2017 og framsyninga skal reise til heile 22 stader.

Ta kontakt for meir informasjon og pressebillettar.

Related links

Emner


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge