Gå videre til innhold

Pressemelding -

Teater om flykningekrisa

Liknar vår del av verda meir og meir på ein festning mot dei som ønskjer å ta del i velstanden her nord? Sjølv om vi prøver å stenge krigens vondskap ute, så veltar han ubønnhørleg over oss. Til og med når vi er på ferie.

FESTNING EUROPA
URPREMIERE ONSDAG 31. AUGUST KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

65. millionar menneske er på flukt i verda i dag. Kvart andre sekund legg eit nytt menneske ut på ei farefull ferd frå krig og naud. I Middelhavet har over 32.000 flyktningar mista livet sidan årtusenskiftet. Hittil i år har over 3000 flyktningar mista livet. Det er nesten dobbelt så mange som på same tid i fjor. Kven har ansvaret? Kven har skylda? Og kva kan vi gjere?

Dramatikar Kristian Lykkeslet Strømskag kjenner seg like hjelpelaus som oss andre, men etter at han og familien var på ferie på ei øy der det på same tid blei skylt flyktingar i land, blei han inspirert til å skrive eit teaterstykke.

I Festning Europa blir lagnaden til ein båtflyktning og ein norsk familie bundne saman. Familien reiser på ferie. Samstundes set ein ung mann seg i ein flåte ein annan stad. Familien flyr sørover. Mannen flyt nordover. Begge skal til den same øya. Han flyktar frå krig i Afrika og drøymer om Europa. Familien flyr frå Noreg og drøymer om ferie. På øya møtest dei to historiene i ein dramatisk augneblink.

MUREN OMKRING OSS OG INNE I OSS

For snart fem år sidan reise Kristian og familien på ferie. Den fekk ein bismak han ikkje har blitt kvitt.
Les historia om korleis stykket blei til.

HÅP OM FRAMTID

Skodespelar Amell Basic flykta frå krig i Bosnia-Herzegovina, og kom til Noreg. Det er han takksam for. Les intervju med skodespelaren.

FESTNING EUROPA
av Kristian Lykkeslet Strømskag

Med Lasse Kolsrud, Morten Svartveit, Kaia Varjord, Frode Winther, Valborg Frøysnes, Amell Basic, Grethe Ryen, Kjærsti Odden Skjeldal

Regissør Uwe Cramer Dramaturg Carl Morten Amundsen

Related links

Kontakter