Gå videre til innhold
carl Martin Eggesbø spelar hovudrolla i noregspremieren på Berre verdas undergang. Foto: Eirik Malmo.
carl Martin Eggesbø spelar hovudrolla i noregspremieren på Berre verdas undergang. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Teaterhausten er endeleg her!

Sommaren er på hell, men for oss som likar teatermørkret er det no den beste årstida startar. Hausten er tida for dei store sceneopplevingane, og Det Norske Teatret byr på ei rekke interessante framsyningar denne sesongen.

- Det er eit ambisiøst repertoar, seier teatersjef Erik Ulfsby som håpar publikum no er klare for å trekke inn i teatersalane for å la seg gripe, underhalde og fascinere av det rikhaldige programmet han kan presentere. Mellom dei ti nye titlane på haustens repertoar, er seks urpremierer og to Noregspremierer. Men også ni framsyningar spelar vidare og i tillegg blir det gjestespel og samproduksjonar. Men før sesongen for alvor blir sparka i gang arrangerer Det Norske Teatret ein ukrainsk motstandsfestival til støtte for kunstnarane som etter krigens utbrot har umoglege arbeidsvilkår.

Storhendinga denne hausten er utan tvil nydramatiseringa av Undsets hovudverk Kristin Lavransdotter. I Kjersti Horns regi ligg det an til ei moderne og modig tolking av dei tre romanane Kransen, Husfrue og Korset. Lyst og begjær, kjærleik og kvardagsslit, tru og tvil – Kristin Lavransdotter slit seg gjennom eit liv med store svingningar – eit liv som femner om kjensler som hundre år etter at bøkene blei ferdigstilte framleis finn gjenklang hos samtidige lesarar. Sara Khorami spelar tittelrolla, Preben Hodneland er Erlend og publikum kan velje å sjå bøkene tre kveldar etter kvarandre, eller samla på dagar der heile romanverket blir spelt i si fulle lengd.

NYE FRAMSYNINGAR PÅ DET NORSKE TEATRET HAUSTEN 2022:


Noregspremiere 1. september på Scene 3
Kva skal ein gjere når ein er blitt singel deltidspappa, og har ei sjuk dotter? Jo, da er det berre å brette opp erma og ta på seg superheltdrakta.
Nett det er det skodespelar Niklas Gundersen gjer i denne kvikke, elleville monologen der han spelar eit utal roller, i tillegg til ein pappa som gjer sitt ytste for å vere superhelt både for barnet han elskar og i livet generelt. Les meir her. 

Urpremiere 2. september på Scene 2

Kvifor er menneska dømde til å grave sin eigen undergang i eit ujamt samspel med naturen? På scenen vil skodespelarane bokstaveleg talt dykke ned i eit kornete oljehav for å leite etter svar. Les meir her.



Premiere 10. september på Hovudscenen

I eit maraton av ei framsyning kan ein oppleve alle dei tre bøkene om Kristin Lavransdotter under eitt. Eller ein kan dele dei opp i tre kveldar. Uansett blir dette eit heftig møte med ei av noregslitteraturens mest kjende historier. Les meir her.


Urpremiere 17. september på Scene 2
Frode Gryttens siste drama om ein flaum av vatn som set i gang eit ras av familiære oppgjer. Les meir her.



Urpremiere 13. oktober på Scene 3
Møt han som stressar på sykkel, men som eigentleg vil ligge på sofaen. Og ho som er gift med han, men som ikkje veit om ho vil vere det lenger. Også katten da – som får med seg alt. I desse dagar er eit kvardagsdrama om lengsel, rushtrafikk og behovet for kaffi. Les meir her.


Urpremiere 22. oktober på Hovudscenen
Maja Lunde og Lisa Aisatos søte juleforteljing vil by på ei mystisk og magisk juleforteljing for heile familien. Les meir her. 


Urpremiere 29. oktober på Scene 2
Tre norner, to nissar, ein kvitorm, to perserkattar og eit myrlik inviterer oss inn i skogen, inn i vår eigen skog. Dei tar oss med på utiseta, for å sjå kva innsikter vi kan finne der. Les meir her.

Premiere 10. november på Rommen Scene - Det Norske Teatret i Groruddalen
Når Pinocchio lyg, veks nasen. Pinocchio lyg for alle, og aller mest for seg sjølv. Men kvifor halde det ekte, når det ekte berre er drit? Les meir her.

Urpremiere 24. november på Scene 3
Noko skrekkeleg har hendt ei ung kvinne i Inste indre. Den Unge Mannen som har gjort det, går fri, som dei fleste andre. Korleis leve vidare når rettferd ikkje skjer? Les meir her. 


Noregspremiere 25. november på Scene 2
Johannes Holmen Dahl, som nyleg vann Heddaprisen for beste regi for Tid for glede, er i gang med ein eksistensiell og viktig scenetekst, om ein mann som reiser vekk frå mor si når han blir alvorleg sjuk med AIDS. Les meir her.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge