Pressemelding -
Teaterungdom frå heile landet på scenen i Oslo
For åttande året skal ungdom frå heile landet møtast på Det Norske Teatret for å spele og sjå teater for og med ungdom under den landsdekkande DUS-festivalen.
DUS - DEN UNGE SCENEN
LANDSDEKKANDE TEATERFESTIVAL FOR UNGDOM
9. - 11. MAI
DET NORSKE TEATRET
Annankvart årt blir det arrangert DUS-festival på Det Norske Teatret. Teaterfestivalen er høgdepunktet i eit toårig prosjekt som tek til med at etablerte dramatikarar/forfattarar skriv ny dramatikk for ungdom, I år er det Hanne Hagerup, Eirik Fauske, Kjetil Indregard, Mari Hesjedal og Tron-Petter N. Aunaas som har skrive kvar sin teatertekst som blir satt opp av teatergrupper frå heile landet. Festivalen har òg ein open kategori der teatergruppene sjølve har kunne skrive manus, kalla Blanke Ark.
Under den landsdekkande festivalen på Det Norske Teatret 9. - 11. mai er det i år 13 grupper som er valde ut frå heile Noreg. Heile programmet for festivalen og oversyn over gruppene som er med finn du her
DEN UNGE SCENEN
16 teaterinstitusjonar i 12 regionar er no med i DUS. Gruppene som er med, får nytte tekstane vederlagsfritt, og dei får fagleg hjelp gjennom dei regionale institusjonane. Det blir òg arrangert fleire seminar med gruppeleiarar og dramatikarar, i tillegg til regionale samlingar i fleire regionar. Hovudmålet er å dyrke fram gode tekstar som plattform for ungdommane sitt uttrykksbehov, men òg å stimulere til å gå nye vegar for å gjere teatret til ein attraktiv arena for aldersgruppa 13-19 år.
DUS er støtta av Norsk Kulturfond.
Related links
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.