Gå videre til innhold
5 urpremierer, 4 noregspremierer, 1 klassikar  og eit diktprogram er våren 2021 på Det Norske Teatret.
5 urpremierer, 4 noregspremierer, 1 klassikar og eit diktprogram er våren 2021 på Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Travel vår på Det Norske Teatret

Våren kjem til å bli travel på Det Norske Teatret!

- I dag gler vi oss over å løfte blikket inn i vårsesongen og legg ut ikkje mindre enn elleve nye titlar i repertoaret. Situasjonen for teaterfeltet er alvorleg, men planlegging og prøver går som normalt, seier ein stolt teatersjef Erik Ulfsby. Han understrekar at det har stor betydning for både teatret og for publikum. Når Det Norske Teatret er tilbake, er det eit teater som meir enn nokon gong er motivert for å treffe publikum og som har brukt tida godt til å førebu eit repertoar som vil treffe breitt.

I vårens rikhaldige program finn ein alt frå historier som fangar dei nære og menneskelege dilemma til lokale heltar, modige småenglar, økofilosofi og krafta hitlåta kan spele i menneskets utvikling.

Amerikansk drag over Hovudscenen

Det blir hevda at for å forstå eit så stort og polarisert land som USA, må ein gå til kulturen og kunsten. Vi tar ikkje mål av oss å forklare det amerikanske samfunnet, men på Hovudscenen har vi i vår tre titlar som på kvart sitt vis belyser sider ved den amerikanske draumen og sjela. Vi opnar med nedgangstider og marginaliserte menn på jakt etter jobb i Om mus og menn - i eit rått miljø der kampen for å overleve blir det viktigaste. Lehmantrilogien er historia om familien som bygde eit imperium som kollapsa i tidenes største finanskrise i 2008. Into the Woods er Stephen Sondheim-musikalen som lenge har vore etterspurt blant publikum. Skogen lokkar, men kva finn du der? Og kven er du når du kjem ut derfrå? 



Premiere 23. januar på Hovudscenen

John Steinbecks klassikar skildrar amerikanske realitetar i 30-åra, der folk slit med dårleg økonomi, midlertidige kontraktar og eit helsevesen som ikkje fungerer. Dette gjer stykket aktuelt også i dag, meiner regissør Eirik Stubø. Da den mentalt litt enkle lausarbeidaren Lennie begår eit uaktsomt drap, må vennen George redde han frå den brutale mobben.

Noregspremiere 6. mars på Hovudscenen

I 2008 raste heile verdsøkonomien. Dette blei utløyst av kollapsen i den amerikanske banken Lehman Brothers. Lehmantrilogien er ein poetisk teatertekst som fortel om dei tre brørne Lehman som kom til Amerika med tomme hender og starta det som skulle vekse seg til å bli eit av dei største finansimperia i verda. Det er ei dramatisk forteljing om immigrasjon, den amerikanske draumen og vestleg kapitalisme. Framsyninga har blitt sett opp både på Broadway og West End, og vann prisen for Best New Play under Olovier Awards i 2019.


Noregspremiere 17. april på Hovudscenen

Stephen Sondheim og James Lapines råe og humoristiske musikal frå 1986 snur dei kjente eventyra på hovudet. Det er ein vaksen skrekkversjon av barndommens forteljingar. Nett som den amerikanske draumen, snur eventyra seg til å bli mareritt for fleire av karakterane. Du må inn i skogen, gjennom skogen og ut igjen. Og kven ein blir på den andre sida, er det ingen som veit.


Noregspremiere 15. januar på Scene 2

Kan sjølvmordstankar, traume og depresjonar gå i arv? Dette ønskte den britiske dramatikaren Alice Birch å undersøke nærare, og tok kontakt med ein forskar for å finne ut meir. Resultatet blei ei teaterframsyning der vi blir presenterte for tre generasjonar kvinner som alle slit med depresjonar og sjølvmordstankar. Stykket, som hadde premiere i 2018, dissikerer sjølvmordets anatomi med stor menneskeleg innsikt, medkjensle og sår humor.


Urpremiere 19. februar på Scene 2

Are Kalvø er tilbake med ei musikalsk, humoristisk og livsfilosoferande soloframsyning. Denne gongen vil ha finne ut om svara på alle dei store spørsmåla i livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen - men kanskje hos Britney Spears og Freddy Kalas? Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet.


Urpremiere 19. mars på Scene 2

Frode Gryttens nye drama er om ein flaum av vatn som set i gang eit ras av familiære oppgjer. I bygda har heile hus sigla vekk frå grunnmurane, liv har gått tapt. Hos Olav Svendsen er store delar av huset totalskadd, men lokalpolitikaren og fagrørslemannen nektar å la seg evakuere – til familiens store frustrasjon. No er statsministeren komme til bygda, og Svendsen skal endeleg få rope ut til heile landet kor elendig denne regjeringa er. For Olav Svendsen handlar det nemleg ikkje berre om nedskjeringar i det nasjonale sikringsarbeidet, men om demonteringa av sjølve samfunnet.


Premiere 14. januar på Scene 3

Når Trini Lund takkar av etter 45 år som skodespelar ved Det Norske Teatret, er det med ein diktar som har følgd henne gjennom heile livet. Lund og Lorca – ein musikalsk poesikveld er tittelen på programmet som ho sjølv har sett saman. Tekstane til forfattaren Frederico Garcìa Lorca har ho hatt eit nært forhold til heilt sidan ho var ung.


Urpremiere 21. januar på Scene 3

Regissøren Ludvig Uhlbors har lenge vore fascinert av den norske filosofen Arne Næss (1912 - 2009). Han sette eit djupt preg på internasjonal filosofi, norsk samtidshistorie, fjellklatring, fredsrørsla, universitetsverda og miljøaktivismen. Livet til Arne blei forma av fjellverda og dei harde forholda som rår i den. Uhlbors ønskjer å finne ut kva det var som drog Næss til fjella og kva han hadde å lære høgt der oppe ovanfor tregrensa?


Urpremiere 27. februar på Scene 3

Journalist og forfattar Alf Kjetil Walgermo har skrive eit stykke for barn mellom 9 til 12 år om noko mange barn oppdagar desse åra: Verda er ikkje berre god! Den minste engelen erfarar at også i paradis er noko i uorden. Krigen trugar, seier erkeengelen Mikael, både i himmel og på jord. Ja, på jorda er alt endå verre: Det er svolt, krig, øydelegging av land og hav. Eit opprør er under oppsegling. Det handlar om rettferd, og Mikel må finne ut kven han er, kva han står for, kva som er rett og gale.

Urpremiere 22. april på Scene 3

Iren Reppen er klar med siste del av ein trilogi om å vere … noko. Det starta med Det e hardt å være mainn i 1994, da Iren Reppen var ung skodespelar og artist. Deretter kom oppfølgaren Det e hardt å være 2. Ei rekke erfaringar rikare har ho no kome fram til at det Det e hardt å være bitch. Og det handlar framleis om makt og kjønn, men også om å ville oppnå noko stort. I mellomtida har Reppen nemleg fått kjenne korleis det kan blåse i toppane som teatersjef ved Hålogaland Teater og som kunstnarleg leiar ved Peer Gynt-stemnet. Med dette følgjer også stor makt. Men kva er makt? Med musikk om humor undersøkjer ho om det så morosamt som alle vil ha det til? Og kva ventar eigentleg på den andre sida?


Noregspremiere 13. mars på Rommen Scene

På Rommen Scene tek regissør Peer Perez Øian opp temaet moderne slaveliv i eit stykke som formidlar dette ubehagelege faktum med brodd og humor. Tittelen på stykket er rett ut Slaveliv. Heile den vestlege levestandarden er fundert på at nokon gjer ein jobb under forhold vi aldri kunne finne på å akseptere. Vi veit at det finst, men vi vel alle aktivt å fortrengje den urett som ikkje rammar oss sjølve.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge