Gå videre til innhold
Julie Moe Sandø og Jon Bleiklie Devik. Foto: Erik Berg.
Julie Moe Sandø og Jon Bleiklie Devik. Foto: Erik Berg.

Pressemelding -

Tung tids tale på Scene 2

Etter å ha vore på turné over heile landet med Riksteatret kjem framsyninga Tung tids tale til Scene 2.

TUNG TIDS TALE
FRÅ 26. JANUAR
SCENE 2

Daniel er tre år, og foreldra gler seg over kor flink han er til å synge og prate. Men så sluttar snakkinga. Latteren vender seg innover. Den vesle guten endrar seg. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, så for å få hjelp til å gi han den omsorga han treng. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt. Men kva er å akseptere, og kva er å gi opp?

Etter å ha vore på turné til 50 stader i Noreg med Riksteatret hausten 2018, flyttar framsyninga Tung tids tale no inn på Scene 2. Marit Moum Aune har regi, og ho har tidlegare laga publikumssuksessar av Olaug Nilssens Få meg på, for fanen, Vi har så korte armar og Stort og stygt her på teateret. 

Sjølv om teksten er svært personleg for forfattar Olaug Nilssen har det ikkje vore vanskeleg å overlate teksten til nokon andre.

- Eg stolar heilt på Marit Moum Aune. Eg likar måten ho jobbar på, ho ser og inkluderer alle, og forstår menneske, både som karakterar på scena, og som privatpersonar som tilfeldigvis er forfattarar eller skodespelarar.

Tung tids tale er ein samproduksjon mellom Riksteatret og Det Norske Teatret i samarbeid Kilden Teater og Konserthus.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Frå framsyninga: Tung tids tale
    Frå framsyninga: Tung tids tale
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5000 x 3376, 4.69 MB
    Last ned
  • Frå framsyninga: Tung tids tale
    Frå framsyninga: Tung tids tale
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5000 x 3179, 6.14 MB
    Last ned
  • Frå framsyninga: Tung tids tale
    Frå framsyninga: Tung tids tale
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5000 x 3246, 4.39 MB
    Last ned
  • Frå framsyninga: Tung tids tale
    Frå framsyninga: Tung tids tale
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5000 x 3375, 5.57 MB
    Last ned
  • Frå framsyninga: Tung tids tale
    Frå framsyninga: Tung tids tale
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5000 x 3491, 4.93 MB
    Last ned