Gå videre til innhold
Odin (Henrik Rafaelsen) og Volva (Gjertrud Jynge) i Robert Wilsons visuelle versjon av Edda. Foto: Lesley Leslie-Spinks.
Odin (Henrik Rafaelsen) og Volva (Gjertrud Jynge) i Robert Wilsons visuelle versjon av Edda. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Pressemelding -

Tusenkunstnar Robert Wilson gjer Edda

Regissør og multikunstnar Robert Wilson skapte historie da han sette opp Peer Gynt ved sitt førre Noregsbesøk. No er han endeleg tilbake, for å sette sin karakteristiske signatur på eit mytisk univers som kanskje er i ferd med å gå i gløymeboka for mange - vår eigne norrøne mytologi.

EDDA
TEKSTAR FRÅ EIN VERSJON AV JON FOSSE
REGISSØR: ROBERT WILSON
URPREMIERE LAURDAG 4. MARS KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Edda er ei framsyning basert på utdrag frå Jon Fosses gjendikting av Den eldre Edda - dei norrøne gudedikta som blei skrivne ned på Island på 1200-talet - men i Robert Wilsons hender blir det storslagne tablå, ekstravagante kostyme, outrert sminke og musikk som står i første rekke. Dette er teater som dyrkar teatrets eigenart til fulle. Wilson er kjent for sine stiliserte og konsentrerte sceniske allkunstverk der lys, scenebilde og musikk går opp i ei høgare eining. Han arbeider nesten skulpturelt med skodespelarane og plasserer dei inn i bilde der detaljane er like avgjerande som det store scenebildet. Referansane i oppsetjinga er mange, og Det Norske Teatret er stolt over å kunne invitere til ei teateroppleving av dei sjeldne.

TUSENKUNSTNAR
Wilson har bakgrunn innan både bildekunst, arkitektur, design og dans, men er aller mest kjend som ein av dei store namna innanfor det avantgarde teatret sidan han byrja lage teaterframsyningar på slutten av 60-talet. Arbeida hans er framleis djupt rotfeste i bildekunst, skulptur og arkitektur. Teikningane, måleria og skulpturane hans er viste rundt om i verda i hundrevis av separat- og kollektivutstillingar, mellom andre i høgt respekterte kunstmuseum som Guggenheim-museet, Louvre, MoMA og Whitney Museum of Contemporary Art. Ved hans eige kunstsenter The Watermill Center er det kvart år kunstnarresidensar innan både film, installasjon, foto, performance, dans og bildekunst.

FEST FOR AUGET
Å realisere Edda har bydd på utfordringar som har fått dei kreative avdelingane ved teateret til å strekkje seg lenger enn det dei trudde var mogleg, og det mytologiske universet i Edda vil truleg ikkje likne noko av det ein førestiller seg. Kostyma er laga av lær, paljettar, pytonslangar, krokodilleskinn og skum, scenografien førestiller alt frå Gokstadskipet til vulkanar, Yggdrasil, isfjell, Fenrisulven og Midgardsormen. Indie-bandet CocoRosie, ein duo som eksperimenterer i krysninga mellom kunst, musikk og performance, har spesialkomponert musikk til framsyninga. I kontrast til dette har Wilson også med musikk frå samtidskomponisten Arvo Pärt, kjend for eit meir minimalistisk lydbilde.


Edda er eit samarbeid med Unlimited Performing Arts og blir samprodusert med Aarhus Teater. Framsyninga gjestar teatret hausten 2017 i samband med at Aarhus er europeisk kulturhovudstad i 2017.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge