Gå videre til innhold
Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

Pressemelding -

Urpremierar gir høge besøkstal

Det Norske Teatret kan gå inn i det nye året i vissa om at fjoråret blei eit av dei beste åra i teaterets historie – igjen!


For femte året på rad passerte Det Norske Teatret 200 000-grensa. Samla besøk for 2016 er om lag 220. 000 publikummarar, og eigeninntekta på teateret har aldri vore høgare.

Stabiliteten i publikumsbesøket og dei gode inntektene har lagt til rette for eit større kunstnarleg handlingsrom. Dristige kunstnarlege val har sterk appell og det er tydeleg at publikum er ute etter å bli utfordra og overraska. I 2016 hadde Det Norske Teatret ei rekkje urpremierar og Noregspremierar i eit repertoar med opp mot 40 titlar.

Urpremierar og spelferd utanlands

Mange ukjente titlar og samarbeidsprosjekt har trekt store publikumsgrupper til teateret. Etterlyst: Jesus var fjorårets best besøkte med 35 000 selde billettar. Scene 2 har hatt eit rekordhøgt besøk med meir enn 31 000 selde billettar. I tillegg er det ein merkbar større etterspurnad etter teaterets framsyningar internasjonalt og i 2016 vitja vi Sverige og Italia med Sorga kler Elektra og Det er Ales. Det største prosjektet i teaterets historie var den nyskrivne satsinga Andre verdskrigen – Natt i verda. Framsyninga spelte åtte timar gjennom natta og blei ein stor kunstnarleg siger for teateret i 2016. Teaterets satsing på barn og unge har også vore tydeleg i året som no er omme med to store Hovudscene-produksjonar med nyskrive teater for dei yngste.

Ser bra ut for 2017

Forsalet til 2017 er særs godt og det er lovande med tanke på at heile 10 av vårens 12 produksjonar er urpremierar. Først ut er Jakob og Neikob av Kari Stai, og Kan nokon gripe inn basert på tekstar og musikk av Stein Torleif Bjella på Hovudscenen.

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Det Norske Teatret
    Det Norske Teatret
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2664 x 3251, 3.34 MB
    Last ned
  • Teatersjef Erik Ulfsby
    Teatersjef Erik Ulfsby
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3470 x 5200, 10.5 MB
    Last ned
  • Det Norske Teatret
    Det Norske Teatret
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6016 x 4016, 18.7 MB
    Last ned