Gå videre til innhold
Sjølvportrett, Aksel Waldemar Johannessen.
Sjølvportrett, Aksel Waldemar Johannessen.

Pressemelding -

Utstillingsopning, Aksel Waldemar Johannessen

Tre nye måleri av Aksel Waldemar Johannessen blir stilte ut permanent i foajeområda på Det Norske Teatret.

VERNISSAGE/OPNING ONSDAG 31. MAI KL. 12.00
UTSTILLING AV AKSEL WALDEMAR JOHANNESSEN
DET NORSKE TEATRET

Frå før har det Norske Teatret stilt ut måleriet Kirkegårdsgravere i foajeen. Dette bildet får no selskap av tre andre måleri av den omstridde kunstnaren, mellom dei måleriet Kortspillere, som skal førestille Det Norske Teatrets skodespelarar i ein pause ved det gamle lokalet i Bondeungdomslaget tvers over gata i Rosenkrantzgate. Datidas teatersjef Edvard Drabløs skal vere mellom dei som er avbilda.

Aksel Waldemar Johannessen (1880-1922) hadde tette band til Det Norske Teatret, så det er heilt naturleg at desse no får ein plass i samlinga her. Både han og kona Anna deltok i tilverkinga av kostyme ved teateret, og hadde eit nært forhold til grunnleggjaren av Det Norske Teatret, Hulda Garborg. I sitt kunstnarlege virke var Johannessen spesielt oppteken av å portrettere arbeidarklassa og dei som av samfunnet blei sett på som taparar. Han var også med på å starte Heimen Husflid, og bistod Hulda Garborg i å lage mønster til nokre av dei første bunadene.

Det er Haakon Mehren som har gitt måleria i gåve til Det Norske Teatret. Han fann 25 måleri i ein låve i 1990, og sidan har han kjempa for å få etablert Johannessen som ein respektert kunstnar, noko han ikkje blei i samtida. Mellom anna har Mehren gitt ut boka Kampen for Aksel Waldemar Johannessen.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Aksel_Waldemar_Johannessen_(self-portrait)
    Aksel_Waldemar_Johannessen_(self-portrait)
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 781 KB
    Last ned