Gå videre til innhold
Verdas mest sjarmerande musikal?

Pressemelding -

Verdas mest sjarmerande musikal?

Musikalen Once starta som eit lite indie-filmprosjekt og enda opp som ein prisvinnande musikalsuksess på Broadway. No kjem den endeleg til Noreg, med Ina Svenningdal, Kim Helge Strømmen og eit forrykande, multitaskande skodespelar-musikarensemble i hovudrollene. I alt 20 instrument blir trakterte av dei 13 aktørane som både syng, dansar og spelar.

ONCE

Manus: Enda Walsh. Musikk og songtekstar: Glen Hansard & Markéta Irglová
NOREGSPREMIERE LAURDAG 1. FEBRUAR KL. 17.30
SCENE 2

Den jordnære historia og den upolerte musikken, framført live på scenen av skodespelarane sjølve, har bergtatt publikum og treft dei midt i hjartet der den har blitt spelt. Heile 8 Tony Awards hanka teaterversjonen av filmmusikalen Once inn i 2012. Da hadde filmen alt vunne Oscar for beste filmlåt i 2008, og Critics Choice Awards same år. Så det er eit solid musikalmateriale dei boltrar seg med på Scene 2.

Umogleg kjærleik

Publikum møter musikken alt i foajeen - og deretter følger dei gatemusikantane inn på scenen, der ein konsert glir over i ei varm forteljing om kjærleik - og musikk.

I Once møtest Han og Ho tilfeldig på gata. Han er støvsugarreparatør og gatemusikar, ho er musikkinteressert og aleinemor. Ho blir inntatt i songen han framfører, og dei treffest igjen for at han skal fikse støvsugaren hennar. Dei endar fort opp i musikken, og gjennom den oppstår ei intens og varm, men umogleg kjærleikshistorie.

Ein annleis hit-musikal

Det som gjer musikalen Once litt annleis, er at ingen av songane er av den typen der karakterane syng ut kjenslene sine utan at dei eigentleg syng i handlinga. Lydbildet er stort sett akustisk, irsk-inspirert folkrock og visesong. All musikk blir framført av absolutt alle på scenen, har ein naturleg plass og kjem til live framfor auga til publikum fordi karakterane faktisk øver inn ein song, syng på gata eller i ein bar.

Kim Helge Strømmen og Ina Svenningdal

Kim Helge Strømmen har rolla som Han, og er eit nytt kjennskap på Det Norske Teatret. Han har tidlegare vore knytt til Oslo Nye Teater, der han mellom anna har spelt rolla som Che i Evita nyleg.

Ina Svenningdal har eit kjent fjes frå TV, men har dei seinare åra markert seg som teaterskodespelar her på Det Norske Teatret - ikkje minst i det musikalske formatet. Mellom anna har ho spelt i Tolvskillingsoperaen, Into The Woods og Frost.

Filmen som blei til på trass

Filmen Once, som er opphavet til musikalen, blei produsert med eit budsjett på om lag 130 000 norske kroner. På grunn av det låge budsjettet blei filmen spelt inn i skodespelaranes private leilegheiter, utandørs i dagslys og utan offentlege godkjenningar. Hovudpersonane blei spelte av musikarane Glen Hansard og Markéta Irglová, som også har skapt musikken i både filmen og teatermusikalen. Dei to blei også eit par under produksjonen.

Erfaren Once-regissør

Jakob Höglund er hyra inn for å setje Once opp på Scene 2. Han har sett opp musikalen før, både på finsk og svensk i heimbyen Helsingfors. Han er kjent for sin leikne og energiske stil som regissør og koreograf for ei rekke musikkteateroppsetjingar i Norden. Den norske versjonen er gjendikta av visesongaren Frida Ånnevik.


Related links

Emner

Kategorier

Regions



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • Ina Svenningdal og Kim Helge Strømmen
    Ina Svenningdal og Kim Helge Strømmen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6720 x 4480, 6.09 MB
    Last ned
  • Once uttrykksfoto
    Once uttrykksfoto
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6720 x 3780, 4.93 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Once
    Framsyningsfoto, Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4125 x 2750, 2.04 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto, Once
    Framsyningsfoto, Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    3504 x 2336, 1.75 MB
    Last ned
  • Jakob Höglund
    Jakob Höglund
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Eva Lingon
    Størrelse:
    2000 x 3000, 2.65 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4034 x 6051, 2.9 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    7008 x 4574, 7.79 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5647 x 4323, 4.38 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    4672 x 7008, 7.78 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6299 x 4221, 3.96 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    7008 x 4672, 3.98 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6807 x 4423, 5.12 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    6199 x 4171, 6.28 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    5371 x 3578, 2.11 MB
    Last ned
  • Framsyningsfoto Once
    Framsyningsfoto Once
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Det Norske Teatret
    Størrelse:
    7008 x 4672, 4.97 MB
    Last ned