Gå videre til innhold
Foto: Leif Gabrielsen/Black Box teater
Foto: Leif Gabrielsen/Black Box teater

Pressemelding -

Ways of Seeing til Det Norske Teatret under Heddadagane

I november hadde teaterframsyninga Ways of Seeing premiere på Black Box teater i Oslo. Det blei starten på ein oppheita debatt om yttringsfridom. No er den omstritte framsyninga klar for å bli vist for eit større publikum under den årlege teatermønstringa Heddadagane i Oslo. 13. til 15. juni vil Ways of Seeing bli sett opp på Det Norske Teatrets Scene 2 med 4 framsyningar. Ei framsyning som har skapt så mange debattar og skarpe frontar i ordskiftet er av offentleg interesse og som eit bidrag til den opplyste samtalen ønsker Det Norske Teatret å legge til rette for at folk kan danne seg ei mening på bakgrunn av det faktiske verket.

Ways of Seeing blei skulda for å krenke privatlivets fred og framsyninga blei etter kvart sett på som årsak for en serie av trusselaksjonar mot justisministerens bustad. Kunstnarane blei dessutan utsette for personangrep og trugslar så grove at dei var nøydde til å melde forholda til politiet. I byrådet fremma FrP forslag om å trekke den kommunale støtta til Black Box Teater, eit forslag som ingen andre parti støtta. Saka fekk ei brå vending da justisministerens sambuar blei sikta for å ha fingert hendingane som av politiet og media blei omtalt som alvorlege trugsmål mot demokratiet. Dagen før Waras sambuar blei sikta i saken, sikta Oslo-politiet teatersjef ved Black Box Teater Anne-Cécile Sibué-Birkeland, teaterregissør Pia Maria Roll og skodespelarane Sara Baban, Hanan Benammar for å ha krenka privatlivets fred. Denne siktinga blei seinare fråfalle. Framsyninga har skapt debatt i og om mange ulike fagfelt og har vore utgangspunkt for diskusjonar om ytringsfridom, jus, etikk, politiets rolle, kunstens rolle, mediehandtering, kommentarjournalistikk, armlengde-prinsippet, maktforhold og stipendtildelingar.

Debatt om grensa for overvaking
Justisminister Tor Mikkel Wara måtte forlate statsrådsposten, men debatten rundt Erna Solbergs utsegn og pressens handsaming av saka, er ikkje over. Aldri tidlegare har ei teaterframsyning vore utgangspunktet for tilsvarande merksemd og engasjert debatt. Gjennom å utforske temaet overvaking og grensene mellom kva som er lov og kva som er ulovleg, sette stykket viktige spørsmål på dagsorden. Kunstnarane gjorde dette gjennom aktivisme og konfrontasjon, men innanfor rammene av lova. Tidlegare høgsterettsdommar Ketil Lund, som leia etterforskinga av den ulovlege statlege overvakinga av venstresida på 90-talet, var òg sentral i framsyninga. Dei politiske analysane i Ways of Seeing er prega av kunstnaranes eigne, personlege perspektiv og erfaringar.

Heddadagane er den største teatermønstringa i Noreg og samlar eit breitt spekter av scenekunst frå heile landet til ei veke med framsyningar, arrangement og fagprogram i Oslo. 11.-18. juni er det tredje gongen Heddadagane blir arrangert og nærare 50 framsyningar er programmerte i denne runden. 33 scenekunstinstitusjonar frå Kristiansand i sør til Kautokeino i nord har gått saman om å leggje til rette for årets mønstring, og programmet blir valt ut av dei kunstnarlege leiarane ved desse institusjonane. Ways of Seeing blir del av programmet under Heddadagene i samarbeid med Black Box Teater og kunstnarane som står bak produksjonen.

The Ways of Seeing er eit gjestespel presentert av Det Norske Teatret i samarbeid med Black Box teater. Med: Sara Baban, Hanan Benammar, Ali Djabbary, Ketil Lund. Konsept, idé: Pia Maria Roll, Marius von der Fehr. Tekst: Sara Baban, Hanan Benammar, Ali Djabbary, Pia Maria Roll, Marius von der Fehr. Regi: Pia Maria Roll. Co-regi: Marius von der Fehr. Dramaturgi: Kai Johnsen. Scenografi, kostyme: Jennie Bringaker. Musikk: Sara Baban, Hanan Benammar, Phonophani, Jon Platou Selvig. Tegning, animasjon: Lotte Konow Lund. Lysdesign: Svein Inge Neergård Lyd: Jon Platou Selvig. Video: Sara Baban, Hanan Benammar, Pia Maria Roll, Marius von der Fehr, Line Lyngstadaas. Tekstutdrag fra: Aimé Césaire, Frantz Fanon, Jean-Paul Sartre m.fl. Støtta av: Norsk Kulturfond, Dramatikkens hus. Co-produsert av Black Box Teater.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge