Pressemelding -

Enivest avslørar planane sine for 2011

Utbygging av ekte superbreiband gjennom fiber og oppgradering til superbreiband gjennom VDSL2 vil prege året.

Enivest held fram med å tilby den mest framtidsretta internettløysinga for innbyggjarane i Sogn og fjordane. No lanserast ny teknolog for høghastigheits breiband, på same tid som avgjerda om nye områder for fiberutbygging blir tatt.

Fiber - ekte superbreiband Enivest har teke avgjerd om å bygge ut ekte superbreiband, Fiber Til Heimen (FTH), i ei rekkje område i fylket. I løpet av 2011 vil Enivest bygge ut FTH fylgjande stadar;

Sandane, Eid, Oppstryn, Tua og Kleiva området i Florø, Haugum, Bergum og Bøbakkane i Førde.

Med fiber i heimen er ein sikra teknologien for å kunne ta i bruk innhaldstenester som digitalt TV tilbod, IP-telefoni, videokonferanse eller andre framtidsretta tenester over nett.

-Fiber er etter vårt syn den varige og teknologisk mest optimale løysinga for breiband, seier Nandor Helgheim, dagleg leiar i Enivest.

VDSL2 - superbreiband

Enivest oppgraderar no fleire av sine sentralar til VDSL2, den nyaste teknologien for breiband levert på koparlinje. VDSL2 vil gi nedlastingshastigheit med inntil 40 Mbit i sekundet, som for mange er ei dobling av makshastigheita dei har hatt på ADSL2 tidlegare. Det er enkelt å oppgradere til superbreiband då VDSL2 blir levert på same koparkabelen som allereie går inn i huset, ein slepp altså graving. Prismessig vil superbreibandet fylgje prisstruktur for vanleg breiband (ADSL2) frå Enivest og ligge på omtrent frå kr 400 i månaden.

VDSL2 har ei rekkevidde på ca. 800 m, det vil seie at det berre er dei husstandane som er nær nok sentralen som kan få VDSL2. I løpet av første halvår i 2011 vil Enivest bygge ut 8 sentralar med VDSL;

Førde(FØ), Florø(FN), Høyanger(HØA), Dale(DLS), Brandsøy(BSØ), Naustdal(NDS), Måløy(MN) og Vassenden(VSJ).

I tillegg er fleire sentralar under vurdering. Alle våre kundar, som er innanfor VDSL2-dekning, vil få tilbod om å oppgradere til superbreibandet (VDSL2).

Pådrivarrolla

Gjennom storstilt lansering av nye FTH felt og VDSL2 på i alt 15 geografiske område held Enivest fast ved pådrivarrolla for tilrettelegging av digital infrastruktur i og for Sogn og Fjordane. Enivest si satsing på VDLS2 vil ikkje gå ut over den allereie pågåande utbygginga av fiber i Sogn og Fjordane.

- Arbeidsplassane vi skal leve av i framtida vil i stor grad utvikle seg innanfor tenesteytande sektor. Dette vil skje med med tett grensesnitt i høve produktutvikling, sal, produksjon og distribusjon gjennom nett. Av den grunn meiner vi tilrettelegginga av framtidsretta breiband er viktig for kundane i privatmarknaden, næringslivet og ikkje minst for fornying og forenkling av offentleg tenestetilbod. På denne måten kan vi oppnå digitalt entreprenørskap, tenestutvikling i alle sektorar, avsluttar Nandor Helgheim.

Kontaktperson i Enivest AS: Nandor Helgheim, Dagleg leiar, mobil 970 54 370-

 

 

Fakta:

VDSL2: Very high bit-rate Digital Subscriber Line er ein teknologi som nyttar koparkabelen(koparlinje for telefon) til å formidle høge bitrater via straumimpulsar. Teknologien er basert på ADSL, men er laga for korte linjelengder opp til ca 800 m og gir betrakteleg høgare kapasitet enn ADSL og ADSL2.

Fiber:

Ein fiberoptisk kabel formidlar lyssignal i staden for straumpulsar, noko som gjev enorm fart og kapasitet samanlikna med tradisjonelle kablar for telefon- og kabelfjernsyn. Driftssikkerheita er også mykje betre. Fiber er framtidas motorveg for informasjon.

Fiber frå Enivest:

Med Enivest Fiber er du budd for framtida, og nye tenester som krevjar høgare kapasitet, med superraskt internett begge vegar. Ver på nett døgnet rundt, og opplev ei heilt ny røynd når du lastar opp store filer. Etter kvart som flyten av informasjon på internett aukar, blir opplasting av filer desto viktigare. Enivest har avtale med Get om levering av digitalt fjernsyn via fiber, med leige av film via fjernkontroll. Med fiber får du også tilgang til breibandstelefoni, skreddarsydd etter dine behov.

Emner

  • Data, telekom, IT

Kategorier

  • breiband
  • enivest
  • fiberoptikk
  • fiber

Kontakter

Nandor Helgheim

Pressekontakt Dagleg leiar 57009111