Gå videre til innhold
Øyvind Løkling frå Fjording og Jann Vestby frå Gardsbrenneriet
Øyvind Løkling frå Fjording og Jann Vestby frå Gardsbrenneriet

Nyhet -

Verdas beste kremlikør?

På Sandane, hos det vesle destilleriet Gardsbrenneriet, lagast truleg verdas beste kremlikør. I alle fall har Fjording, med sin Hazelnut Caramel-kremlikør, vunne dobbel gullmedalje for andre gong i verdas største og mest respekterte brennevinskonkurranse; San Francisco World Spirits Competition. Og det i ein drikkevarekategori som Norge aldri før har hatt nokon deltakarar i.

Fjording har i tillegg utvikla Norges første kaffelikør gjennom tidene - og også denne vart krona med gullmedalje i Statane. Produktet heiter Tår coffee liqueur, og ved neste produksjon kjem drikken mest truleg til å bli produsert på Gardsbrenneriet.

- Samarbeidet vårt på Fjording har vore så konstruktivt at vi håpar vi kan gå til noko tilsvarande på kaffelikør, seier Øyvind Løkling, dagleg leiar i det vesle selskapet Fjording. - Vi skal nok endre litt på oppskrift og produksjonsprosess før nylansering, men målet er sjølvsagt å lage verdas beste kaffelikør også. Vi har alle forutsetningar i Nordfjord for å få det til. Kahlua og Tia Maria har all grunn til å frykte oss, seier Løkling med eit smil.

Samarbeidet mellom Fjording og Gardsbrenneriet kom i stand i 2017 då Løkling møtte dagleg leiar hos Gardsbrenneriet, Jann Vestby, for ein prat om utvikling av ein norsk konkurrent til irske Baileys.

I dag er Fjording Hazelnut Caramel tilgjengeleg i minst halvparten av Vinmonopola landet rundt, og er blitt ein favoritt blant folk som verdset smak og kvalitet, lokal skaparkraft, eller har eit varmt hjerte for fjordhesten. Fjording donerer nemleg 1 dollar for kvar flaske dei sel av likøren til gode fjordhestføremål. For salget i 2021 enda gåvemiddelpotten på 135.000 kroner.

- Vi gjer ting på vår måte og bryr oss om dei tinga vi er opptekne av, og så får dei store internasjonale merka styre med sitt. I ein blindtest vinn vi alltid på smaksoppleving, det er det viktigaste. Og så får det eventuelt vere ein bonus at vi bryr oss om fjordhesten sitt ve og vel for dei mest hardbarka fansa». avsluttar Løkling.

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Beate Vik Hauge - Visit Nordfjord

Beate Vik Hauge - Visit Nordfjord

Pressekontakt Kommunikasjonsleiar 90786563

Relatert innhold

Det offisielle landsdelsselskapet for Vestlandet

Fjord Norge AS (Fjord Norway) er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene, og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet (Fjord Norge-regionen) innenfor ferie- og fritidssegmentet i norsk reiseliv. Fjord Norge AS skal gjennom målrettet internasjonal markedsføring, presse- og pr-arbeid og markedsbearbeidelse bidra til økt turisttrafikk, helsårsturisme og økt lønnsomhet for reiselivet i landsdelen.

Fjord Norges visjon er "Å VISE VERDEN FJORDENE" ved å være det mest profesjonelle og slagkraftige regionale destinasjonsselskapet i Europa. Selskapet skal posisjonere Fjord Norge regionen som verdens mest attraktive destinasjon for natur- og opplevelsesferier.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, samt de fire fylkeskommunene på Vestlandet.

Fjord Norge AS
Nordre Nøstekaien 1
5011 Bergen
Norge
Besøk våre andre nyhetsrom