Gå videre til innhold
Voss Bryggeri Foto: Voss Bryggeri
Voss Bryggeri Foto: Voss Bryggeri

Pressemelding -

KVEIK – Norge si gåva til verda

Vestnorsk kulturakademi på Voss har tatt initiativ til å få heimabrygging av øl med kveik inn på Unesco si representative lista for verdskulturarv. Den nasjonale og internasjonale markeringa og kick-off skjer på Voss 27. februar 2020.

Gjærsoppen kveik har eksistert i uminnelege tider på Vestlandet og vore brukt til ølbrygging på gardane frå generasjon til generasjon. Kvar gard har hatt heimebryggartradisjonar med sin eigen kveik, som truleg har vore overført i familien og brukt i fleire tusen år. Omfanget har minka sterkt dei seinare tiåra, men det er framleis ein del som bryggar øl på gardane og brukar sin eigen gjær – kveiken. Heimebryggartradisjonen med bruk av kveik finst no berre på Vestlandet frå Sunnmøre til Sogn, Hardanger og Voss

For nokre år sidan var det nesten ingen som visste kva kveik var, og ute i verda var det ingen som kjente til den vestlandske heimebrygginga av øl med gjærsoppen kveik. I dag har kveik revolusjonert ølbrygginga mange stader i verda, som i USA, Irland og Australia. Kveik har på mange måtar blitt eit kommersielt konkurransefortrinn internasjonalt innan bryggeribransjen.

Kveik toler høge temperaturar og gir høg alkoholprosent. Den kan tørkast og vekkjast til live igjen etter tiår. Smakane varierer frå kveik til kveik alt etter kva gard gjæren kjem frå. No er ein del av kveiken spreidd over store delar av verda og tilgjengeleg kommersielt frå ulike gjærlaboratorium.Det er viktig at dei som brukar kveiken kjenner opphavet og historia til denne fantastiske gjæren. Kor mange bryggarar rundt om i verda kan sei at dei bryggar ølet med eigen gjær, som har gått i arv gjennom tusenvis av år? Den store øl- og whisky-journalisten Michael Jackson uttalte, då han for første gong smakte øl brygga med kveik: “This is the missing link to ancient beer traditions in Mesopotamia.”

Den tradisjonelle heimabrygging med kveik er ein av dei siste linkane vi har til vår lange og omfattande ølbryggingshistorie tilbake til forhistorisk tid. Det å bruke kveiken, utan at den er knytt til den levande bryggetradisjonen på Vestlandet og den vidareførte immaterielle kulturarven, er å tapa av syne historia og kulturen kveiken høyrer heime i. 

Kontakt:
Atle Ove Martinussen
Dagleg leiar
Vestnorsk kulturakademi
epost: atleove58@gmail.com
mobil: 90368990

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Fjord Norge AS er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet innenfor ferie- og fritidssegmentet.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, samt de tre fylkeskommunene på Vestlandet.

Mer bilde- og videomaterial finnes her.

Kontakter