Pressemelding -
Over førti reisemål frå Svalbard til Lindesnes har samla seg for å løfte og løyse framtidas reiseliv
Bakgrunn
Sidan 2013 har reisemål på tvers av landet arbeidd strategisk og heilskapleg medutviklinga av det lokale reiselivet ved å vera kopla opp mot den nasjonalemerkeordninga, «Berekraftig Reisemål». Denne ordninga fungerer som eit fellesstyringsverktøy for alle aktørane som er involverte i utviklinga, og forpliktar reisemåla tilå sjå reiselivet i eit samfunnsperspektiv der ein arbeider for å skape gode reisemål forbesøkjande, lokalbefolkninga, natur og miljø – i dag og for framtida.
- Gjennom arbeidet inn mot Merkeordninga ser me at reisemål over heile landet har gått i gongmed nybrotsarbeid for å skape betre og meir heilskaplege løysingar. Likevel ser me at me harmykje å gå på i forhold til tettare erfaringsutveksling og samarbeid rundt utviklinga slik at meløfter det grøne skiftet i reiselivet i fellesskap og finn gode løysingar så e?ektivt som mogleg,fortel Anita Svendheim, prosjektleiar for nettverket.
Ein felles melodi frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør
Etter mange år med tett dialog og samarbeid har 43 reisemål no samla seg for å løfte ogløyse felles berekraftsutfordringar i eit nasjonalt bedriftsnettverk, støtta av InnovasjonNorge. Nettverket har fått namnet «Nettverk for Destinasjonsleiing og BerekraftigReisemålsutvikling» (NDBR), der reisemåla som deltek representerer 137 norskekommunar og ei medlemsmasse beståande av omlag 4500 reiselivsbedrifter.
- Skal ein lukkast med utviklinga av eit berekraftig reiseliv må ein ha med alle saman. Dettestyrkja samarbeidet har vist oss at me i stor grad står i møte med dei same moglegheitene ogutfordringane, anten ein representerer by eller bygd, kystdestinasjon eller fjelldestinasjon,nordlege eller sørlege delar av landet, fortel Svendheim.
Dette er første gong ein ser eit nasjonalt samarbeid på tvers av reisemål over heilelandet, knytt opp mot ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa. Her er jobbar ein fortettare erfaringsutveksling, utvikling av felles verktøy og etablering av fellesutviklingsprosjekt for å eQektivisere berekraftsarbeidet på reisemåla i landet.
- Gjennom dette nettverket, kvar me deler erfaringar om felles utfordringar som ansvarlegmarknadsføring, reisemålsleiing, vertskapskurs og besøksstyring, kan me jobbe smartare ogmeir e?ektivt. Dette er både nyttig og tidsbesparande i vårt daglege arbeid, fortel Inger-LiseBrones, medlem av styringsgruppa til nettverket.
Ei av Noreg sine viktigaste framtidsnæringar
Reiselivet i Noreg er ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar, både som ei av landet sineviktigaste, grøne eksportnæringar og som ei næring som bidreg til å sikre verdiskaping,arbeidsplassar og stadutvikling over heile landet. I september i fjor blei det ogsåannonsert at reiselivet er den femte næringa som skal inn i regjeringa sin eksportsatsingHele Norge eksporterer.
- Me er glade over at viktigheita av reiselivet i auka grad blir trekt fram og satsa på nasjonalt.Samstundes veit me at reiselivet, som tek utgangspunkt i kvar stad sitt særpreg med sinemoglegheiter og avgrensingar, må bli utvikla nedanfrå og opp for å skape ei næring som finngode løysingar for menneske, natur og miljø. Å styrkje dette leddet av arbeidet meiner me difor eravgjerande for å lukkast med å nå målsetnadane sett for reiselivet, avsluttar Svendheim.
**Meir informasjon om Merkeordninga «Berekraftig Reisemål»:
Merkeordninga «Berekraftig Reisemål» er utvikla av Innovasjon Norge, og er eit lokaltstyringsverktøy for å arbeide heilskapleg med utviklinga av reisemålet. Ordninga setmellom anna krav til at ei breitt samansett destinasjonsleiing/reisemålsleiing,etablering av ein langsiktig og breitt forankra strategi for utviklinga av reisemålet og einblir målt på utviklinga innanfor område som bevaring av natur, kultur og miljø, styring avsosiale verdiar og økonomisk levedyktigheit. Ordninga betyr difor ikkje at eit reisemål er«berekraftig», men at ein må vise til betring ved kvar re-merking. Les meir her:https://www.innovasjonnorge.no...
**Meir informasjon om Nettverket NDBR:
Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling («Nettverket») er eitnasjonalt nettverk for og av reisemål som arbeider strategisk med den berekraftigeutviklinga av sin destinasjon ved å knyte seg til den nasjonale merkeordninga«Berekraftig Reisemål» («Merkeordninga»). Nettverket består av 43 destinasjonar, somfølgjer: Akershus Reiselivsråd, Visit Bergen, Visit Bodø, Femund-Engerdal, Fjordkysten &Sunnfjord, Visit Fredrikstad & Hvaler, Hallingdal næringshage, Hemsedal, Visit
Jotunheimen, Kragerø Næringsforening, Visit Sørlandet, Visit Lillehammer, VisitLindesnes, Destination Lofoten, Visit Lyngenfjord, Lysefjorden365, MTNU/Visit Midt-Telemark, Malung-Salen, Visit Narvik, Nasjonalparkriket, Visit Nesbyen, Visit Nordfjord,Visit NorthWest, Visit Norefjell, Orinor/Visit Kirkenes & Alta, Nordveggen/Visit Rauma,visitRjukan, Visit Senja, Visit Sognefjord, Region Stavanger, Næringshagen i Ryfylke/VisitSuldal, Visit Sunnhordland, Visit Svalbard, Visit Tromsø-regionen, Destinasjon Trysil,Visit Valdres, Vefsna Regionalpark, Vest-Telemark, Visit Vestfold, Visit Øst-Norge, VisitVoss og Åfjord utvikling. Desse reisemåla representerer reiselivet i over 137 kommunarog ei medlemsmasse på omlag 4500 reiselivsbedrifter. Les meir her:https://berekraftsnettverket.n...
Bilder: Kan bli nytta fritt i samband med denne saken. Fotokred: Ellen Anne Bye.
Kontaktpersonar:
Anita Svendheim
Prosjektleiar NDBRanita@nhryfylke.no / 92444948
Inger-Lise Brones
Rådgiver bærekraft og samfunn Visit Tromsø, deltakar i styringsgruppa NDBRingerlise@visittromso.no / 90948492
Erling Løfsnes
Dagleg leiar Visit Lindesnes, deltakar i styringsgruppa NDBRerling@visitlindesnes.no / 91683575
Ida Dyreng
Dagleg leiar, Destinasjon Trysil, deltakar i styringsgruppa NDBRIda@trysil.no / 90732308
Related links
Emner
Kategorier
Fjord Norge AS (Fjord Norway) er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene, og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet (Fjord Norge-regionen) innenfor ferie- og fritidssegmentet i norsk reiseliv.
Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet. Mer bilde- og video finnes i vår Image Shop.