Gå videre til innhold
Trollstigen - Møre og Romsdal. Foto Haakon Lundkvist
Trollstigen - Møre og Romsdal. Foto Haakon Lundkvist

Pressemelding -

Stifta nytt samla destinasjonsselskap i Møre og Romsdal

Nytt destinasjonsselskap for Møre og Romsdal er no stifta

Visit Nordvest og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er no formelt slått saman til eitt felles destinasjonsselskap. Stiftingsmøtet vart halde i Molde 11. desember og markerer eit historisk steg for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal.

– Dette er ein stor og historisk dag for oss og for reiselivet i fylket. Vi har jobba tett over lang tid, og samanslåinga kjennest både naturleg og riktig, seier Tom Anker Skrede og Torunn Dyrkorn, som har leia dei to selskapa fram til no. - Foreløpig har heile 22 kommunar i fylket vedtatt å vere med i det nye selskapet, og vi ser fram til å samarbeide tett med desse framover, seier dei to leiarane.

Samanslåinga er resultatet av ein grundig og inkluderande prosess, der både kommunar, næringsaktørar og tilsette har vore involverte. PwC har vore rådgjevar i arbeidet. Målet har vore å etablere eit robust og framtidsretta destinasjonsselskap som er eit godt verktøy for både reiselivsnæringa og kommunane i fylket.

Satsar på heilårsturisme og berekraft

Det nye selskapet skal styrke satsinga på heilårsturisme og sesongutviding, og vere ein aktiv pådrivar for berekraftig reiselivsutvikling. Teknologi og kompetanseutvikling, særleg innan kunstig intelligens, blir viktige satsingsområde. Selskapet skal òg fungere som eit bindeledd mellom aktørar og bidra til bulyst, levande lokalsamfunn og auka verdiskaping.

Organisering

Det nye destinasjonsselskapet vil ha kontor i Kristiansund, Molde og Ålesund, med forretningsadresse i Ålesund. Tom Anker Skrede er konstituert dagleg leiar, medan Torunn Dyrkorn er konstituert stabssjef fram til ein ny reiselivssjef for selskapet blir tilsett. Stillinga vil bli lyst ut i nær framtid.

Inviterer til namnedugnad

Selskapet blir no registrert i Brønnøysundregisteret, men namnet er enno ikkje fastsett. Difor inviterer ein til namnedugnad, der alle kan sende inn forslag innan 16. januar.

Related links

Emner

Kategorier


Fjord Norge AS (Fjord Norway) er landsdelsselskapet for de tre Vestlandsfylkene, og det offisielle turistrådet for Vestlandet. Selskapet har hovedansvaret for den internasjonale markedsføringen av Vestlandet (Fjord Norge-regionen) innenfor ferie- og fritidssegmentet i norsk reiseliv.

Fjord Norge AS eies av nærmere 200 reiselivsbedrifter i landsdelen, inkludert de tre fylkeskommunene på Vestlandet. Mer bilde- og video finnes i vår Image Shop.

Kontakter

  • x Trollstigen road Photo_Haakon Lundkvist.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2000 x 1333, 3.23 MB
    Last ned
  • Tom Anker Skrede foto Eline Karlsdatter Fladseth.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3000 x 3000, 1 MB
    Last ned
  • Torunn Dyrkorn foto Eline Karlsdatter Fladseth.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4000 x 4000, 1.49 MB
    Last ned
  • Stiftingsmøte1 Foto Eline Karlsdatter Fladseth.JPG
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4032 x 3024, 836 KB
    Last ned
  • Geirangerfjorden Foto: Øyvind Kåre Sunde
    Geirangerfjorden Foto: Øyvind Kåre Sunde
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Øyvind Kåre Sunde/visitalesund
    Størrelse:
    1728 x 1152, 1.83 MB
    Last ned
  • Atlanterhavsvegen Foto Eline Karlsdatter Fladseth
    Atlanterhavsvegen Foto Eline Karlsdatter Fladseth
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Eline Karlsdatter Fladseth/visitnordvest
    Størrelse:
    4000 x 2250, 2.72 MB
    Last ned
  • Rauma_Raumabanen_Foto Johan Berge_visitnorway
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1875 x 2000, 4.91 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Reiselivsselskapene i Møre og Romsdal slår seg sammen

    Reiselivsselskapene i Møre og Romsdal slår seg sammen. Etter flere år med tett samarbeid har Visit Nordvest og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre besluttet å slå seg sammen til ett felles selskap. Målet er å styrke Møre og Romsdal som Norges ledende opplevelsesfylke – både for norske og internasjonale besøkende.

    Geirangerfjord - UNESCO verdsarvstad, Foto Øyvind Kåre Sunde, Visitalesund