Nyhet -

​Bornas Verdsdag Førde vert utsett

Bornas Verdsdag Førde er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Sunnfjord kommune, og arrangementet skulle gå av stabelen laurdag 14. november i Førdehuset. Alt var klappa og klart med gratis mini-verkstader og gratis konsert. Då regjeringa kom med innstramminga i koronareglane torsdag denne veka, tok festivalstaben ein grundig gjennomgang, og konkluderte med utsetjing. - Sjølv om vi kjenner oss heilt trygge på at årets koronatilpassa versjon av den populære familiedagen kunne gjennomførast i trygge rammer, vart det eit for stort paradoks å gå breitt ut og invitere små og store til Førdehuset på verkstadar og konsert ei veke etter at statsministeren har bedt alle om å halde seg mest mogleg heime, seier festivaldirektør Per Idar Almås. -Omsynet til frivillige, artistar og publikum som no vil fylgje Ernas råd, gjer at vi ser det som ei betre løysing å utsetje arrangementet.

Julekonserten Majorstuen - JULEDRØM, torsdag 3. desember, vil gå som planlagt i Storsalen i Førdehuset. Billettar til konserten er i sal på fordehuset.no.  

Regions

  • Vestland

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27