Nyhet -

Bornas Verdsdagar Førde - 10 ÅR!

Laurdag 23. november rullar Førdefestivalen igjen ut den raude løparen, og inviterer små og store til 10-årsjubileum for Bornas Verdsdagar Førde. -Det er fantastisk at vi har halde på med denne på alle måtar fargerike familiefestivalen så lenge, seier fungerande direktør Sølvi Lien, som er skikkeleg stolt over igjen å kunne presentere flotte verkstadar og aktivitetar for born.

Ideen med Bornas Verdsdagar er at born i alle aldrar skal få oppleve song, musikk og dans gjennom å delta. I år får borna prøve seg på både trekkspel, tabla og afrikanske trommer. Det blir to danseverkstadar; ein med huladans frå Hawai og rytmedans frå Tahiti, og ein med capoeira frå Brasil. For dei aller minste borna, blir det songverkstad, der vi syng og lærer lokale bånsullar og trallar. Ein av verkstadane er eventyrhola inst på biblioteket, og her får borna roe ned med spennande eventyr frå ulike kantar av verda. Teater vert det også, når Sogn og Fjordane Teater viser forteljeteateret om guten som gjekk til Nordavinden og krevde tilbake mjølet sitt.

Profesjonelle instruktørar

Det er gratis å delta på verkstadane, som vert leia av profesjonelle instruktørar. Ingen treng å melde seg på, men berre møte opp utanfor rommet der den aktuelle verkstaden skal vere. -Kvar verkstad varer i ca. 20 minutt, og i år har vi sett opp faste starttidspunkt for dei ulike verkstadane. Då er det kanskje lettare for dei vaksne å planlegge dagen, fortel Lien, og legg til at det sjølvsagt er lov å delta på den same verkstaden fleire gonger.

Instruktørane er artistar og utøvarar som har lang røynsle i å formidle til born i ulike aldrar. Fleire av dei har hatt verkstadar på Bornas Verdsdagar Førde tidlegare, og gler seg skikkeleg til å komme tilbake.

Mange samarbeidspartar

Bornas Verdsdagar Førde er eit omfattande samarbeidsprosjekt. - Førdefestivalen er initiativtakar og organiserer det som skal skje, forklarer Sølvi Lien, men vi har ei lang liste med samarbeidspartar. Hafstad vgs har i mange år laga dekor til verkstadar. I år skal dei dekorere capoeira-verkstaden, der borna skal få prøve seg på den populære brasilianske ‘kampdansen’. -Vi er utruleg glade for å at Naustdal Barne- og ungdomsskule for første gong er med og lagar dekor på Bornas Verdsdagar. Dei skal dekorere songverkstaden for dei minste borna.

Andre samarbeidspartar er Førdehuset, Sunnfjord Kulturskule, Frivilligsentralen, Førde norsksenter, Sogn og Fjordane Teater, Distriktsmusikarordninga, Lesegledarordninga ved Sogn og fjordane Fylkesbibliotek. Sogn og Fjordane fylkeskommune, UWC i Flekke, Førde ungdomsskule, Haldbrend ungdomsskule, Naustdal Dampbakeri, Skrivarløa, Danseverkstedet, Nærleiken bhg, Solsida bhg og Tusenfryd bhg. - I tillegg har vi sjølvsagt mange frivillige som stiller opp og gjer ein uvurderleg innsats for å få gjennomført denne familiefesten, avsluttar Lien. 

Related links

Emner

  • Kultur

Kategorier

  • familie
  • sunnfjord
  • barnas verdensdager
  • bornas verdsdagar
  • sogn og fjordane
  • førdefestivalen
  • førde

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27