Nyhet -

Førdefestivalen arrangerer gratis familiefest

-Sidan hausten 2020 har Bornas Verdsdag Førde vorte avlyst, flytta og avlyst igjen, men no er vi endeleg klare for ei ny utgåve av denne fine internasjonale familiedagen i Førdehuset, seier prosjektleiar Ingebjørg Nomeland. Ho og resten av festivalstaben, saman med fleire frivillige, gler seg til å fylle heile Førdehuset med miniverkstader, aktivitetar, internasjonal mat og ikkje minst ein herleg gratis familiekonsert med Igor & Fe3ne.

Igor & Fe3ne, er Igor Dunderovic, Daniel Lazar, Almir Meskovic og Elvis Medic, fire superseriøse musikarar som alle har opphav utanfor Norge, har laga sine heilt egne versjonar av dei mest kjende barnesongane våre. Dei har gjort det av kjærleik til sitt nye heimland, men dei har miksa både tekstane og musikken med sine eigne opphav, balkanrytmane, og hundrevis av historier dei har samla, eller laga, om mystiske karakterar: Ali Baba, Baba Lille Lam, Lille fetter Eddy Yerkov, Mikha Ilrev, Shimshiri Omnshimshiri, Katarina Paus, og fleire andre som alle snakkar endå dorlig meir nårsk. -Dette er typisk ein sånn konsert som passar like godt for vaksne som for born, i følgje Nomeland. 

Ordføraren opnar 

Sunnfjord kommune sin nye ordførar skal stå for opninga av Bornas Verdsdag Førde, som tidlegare har samla godt over 2000 besøkande i Førdehuset. -Meininga med denne internasjonale familiefesten er at born skal få oppleve ved å delta. Verkstadene er tilpassa born i ulike aldrar og har profesjonelle instruktørar. Dei er også dekorerte slik at borna skal få ei kjensle av td å vere i jungelen når dei deltek på trommesafari-verkstaden. 

For dei aller yngste, altså 0-3 år, har vi Mini Afrika, der Raymond Sereba tek borna med på ei sansereise til heimlandet sitt, Elfenbeinskysten. Folkemusikaren og dansaren Ole Nilssen har musikkleikestund for dei som har fylt 2 år eller meir. Vidare er det Trommesafari, der born får lære trommetriks frå Ghana; Capoeira, der alle får prøve seg på denne blandinga av dans, akrobatikk, leik, musikk og rytmar, som er ein slags nasjonalsport i Brasil. I biblioteket vil to lesegledarar lese eventyr. -Borna får delta på verkstadane fleire gonger om dei vil, og mellom øktene, kan dei teikne og fargelegge, eller lære seg origami, eller dei kan slå seg ned i den internasjonale kafeen, som også er ein del av Bornas Verdsdag Førde. -Og heilt til slutt, kan alle samlast i Storsalen til konserten med Igor & Fe3ne, og få eit nytt blikk på våre kjære barnesongar - servert av nokre av dei beste musikarane vi har! Dette blir berre veldig kjekt, avsluttar Ingebjørg Nomeland. 

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • førdefestivalen
  • mangfald
  • mangfold
  • bornas verdsdag
  • sunnfjord
  • verdsmusikk
  • førde

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27