Nyhet -

Hentar opp att musikk det har gått gjetord om i 30 år

Tre gonger i livet har bassist Arild Andersen reagert på ein heilt spesiell måte ved lyden av ei stemme eller eit instrument. Den eine gongen var då han høyrde Kirsten Bråten Berg.

Arild Andersen samanliknar reaksjonen med ein fuglehund som vêrar noko og tar stand, utan at andre veit kvifor.

— Første gongen eg hadde den reaksjonen var då eg høyrde Miles Davis spele «Summertime» med muta trompet. Andre gongen var i eit øvingslokale i ein privat kjellar, då Radka Toneff kom ned trappa og sa at «kaffien er klar». Kven er det som snakkar med ei slik røyst, var det einaste eg kunne tenke.

Møtet blei begynnelsen på eit samarbeid som varte nesten heilt til Radka døydde i 1982, berre 30 år gammal. Tapet var eit hardt slag for det norske jazzmiljøet.

— Den tredje gongen var då eg høyrde Kirsten. Ho var henta inn som bursdagsgåve til 40-årsjubilanten Steinar Ofsdal (komponist, musikar og professor ved Norges musikkhøgskole og Ole Bull Akademiet, journ.merk.). Eg sat ved eit anna bord i restauranten og visste ingenting. Plutseleg reiste ei dame seg og song med ei stemme som sette meg heilt ut. Etter Radka hadde eg ikkje spelt med noko songarinne, det hadde eg berre ikkje fått til, men med Kirsten blei det heilt annleis, fortel Arild Andersen.

Laurdag 10. oktober kan du oppleve Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen i lag på scena på Thon Hotel Jølster på Skei.


Skapte noko nytt

Ikkje lenge etter kom bestillingsverket SAGN, framført på Vossajazz i 1990 og spelt inn på album året etter. Med i bandet var Kirsten Bråten Berg, Bugge Wesseltoft, Nana Vasconselos, Bendik Hofseth og Frode Alnæs. SAGN var noko nytt, og albumet var med på å forma jazzfolk-bølgja som skòla over landet på 1990-talet.

Arild og dei andre var langt ifrå dei første til å blande folk og jazz, men ingen hadde gjort det på same måten før.

— Med vilje laga eg ikkje jazzharmoniar til folketonane. Tanken var at Kirsten skulle synge så nært opp til originalversjonane som om ho song åleine, og så arrangerte eg folketonane i ein rytmisk samanheng. Vi skapte ein kontrast mellom dei instrumentale partia og folkemusikkpartia som ikkje var vanleg, seier Arild.

— Har ikkje det vore ei suksessoppskrift sidan?

— Når eg i dag treffer musikarar i éin og to generasjonar etter meg, fortel dei ofte at dei hadde ein sterk relasjon til nettopp SAGN, og at SAGN inspirerte dei og prega på den musikalske utviklinga deira. Det er svært gledeleg å høyre, seier han og held fram:

— Eit anna poeng er bandet som eg sette saman i 1990. Dei var ukjende musikarar, men har sidan skapt seg store karrierar. Ikkje at eg skal ta æra for det, men det er alltid hyggeleg å ta med nye folk og skape musikk som har den energien eg synest yngre folk gir meg.

Lovar eit par overraskingar

Det var planlagt ei rekke konsertar i samband med 30-årsjubileet for SAGN, men mange blei avlyste på grunn av Covid19. Fire konsertar blei det likevel i september, på forskjellige stader rundt omkring på Austlandet, og verket er planlagt til Vossajazz i 2021.

Men først er det Vestlandet og Jazz på Jølst som er så heldige å få dette stjernelaget av musikarar på besøk. Av den originale besetninga er brasilianske Nano Vasconselos gått ut av tida og er erstatta med Helge Norbakken, og Bugge Wesseltoft har dessverre måtta melde avbod til Jølster-konserten.

SAGN står støtt som ein påle, tretti år etter, men enkelte ting har endra seg. Musikarane har utvikla seg og fått eit anna samspel, og i tillegg er SAGN laga for live framføring og har rom for improvisasjon.

— Vi opnar for ein del solostykke som ikkje er med på plata, seier han - og lover i same pust at publikum kjem til å få eit par overraskingar.

Tradisjonsrike folketonar og mykje av jazzen har det til felles at musikken har blitt overført frå generasjon til generasjon via speling og lytting. Både jazz og folk har dette elementet av at musikken skjer der og då.

— Samanlikna med andre musikksjangrar er det meir rom for å gjere vendingar som ein ikkje naudsynt gjorde kvelden før, seier han.

Foto: Heidi Hattestein


Å vekse og krympe

Hilde Hegrenes er festivalsjef for Jazz på Jølst.

Jazz på Jølst såg dagens lys i 2010. Med éin konsert fredagen og éin laurdagen marknadsførte dei seg som «verdas minste jazzfestival», truleg med rette. Seinare utvida dei programmet, og dei tjuvstarta også med ein konsert på torsdagen.

Nokre ting er blitt tradisjon. I kyrkja er det jazzprega gudsteneste på søndagen, og på Audhild Viken-butikken speler musikkstudentar frå Firda vidaregåande skule gratiskonsert som «homage» til den første konserten i festivalhistoria: Night and Day på Audhild Viken, med tidlegare festivalsjef Marit Hartvedt på vokal.

— Men i år krympar vi litt igjen, som følge av pandemien, seier Hilde Hegrenes, som i tillegg til å vere festivalsjef er assisterande rektor på Vassenden skule og korist i Sunnfjord-bandet «Mrs. and the pitifuls».

Ho kallar det ei storhending når Arild og bandet går på scena laurdagskvelden den 10. oktober.

— SAGN-konserten er eit samarbeid med Førdefestivalen, og utan hadde vi nok ikkje fått det til. Så store namn som Arild Andersen med band er kostbart for ein liten festival som oss, og vi hadde ikkje hatt økonomi til denne konserten utan å kutte ned talet på konsertar totalt. Med Førdefestivalen på laget har vi nokon å dele kostnadene med, og det er trygt for oss å ha ein så stor aktør i ryggen, seier sjefen for festivalen som ikkje ønsker å vekse seg større enn nett passe.

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27