Gå videre til innhold
OktoberFolk er gåva vår til konserthungrige fotfolk

Nyhet -

OktoberFolk er gåva vår til konserthungrige fotfolk

— Det er ikkje løgn, seier Mira og hoppar i det:

— Då bookingagenten vår spurte kva festival i heile verda vi aller helst vil spele på, og dei andre svarte Roskilde, sa eg Førdefestivalen.

Mira Thiruchelvam er éin av fire musikarar i 9 Grader Nord. Dei speler etnisk, progressiv musikk - på tamil.

Laurdag 24. oktober går dei på Larris scene som siste band og eit fyrverkeri av ei avslutning på OktoberFolk, ein minifestival som går over éi helg.

OktoberFolk er Førdefestivalen si gåve til konserthungrige fotfolk, ei vitaminpille i haustmørket. Det blir seks konsertar på tre spelestader: Arabiske tonar i Førde kyrkje, rotekte, norsk folkemusikk på Kafé Sobra og fire grensesprengande konsertar på Larris Scene.

Vi har tatt ein prat med nokre av artistane som kjem.

Frå ein tidlegare konsert på Larris scene i 2018. Foto: Amalia Pop

— Eg legg merke til at spelejobbane krev meir no so

m dei er sjeldnare. Det var annleis før Covid19. Då spelte vi regelmessig og var i flyten, rytmen og pulsen, seier Mira.

Etter ein vår, sommar og haust som har vore ei konsertøydemark, der live-Norge har forstumma og knapt hatt merkbar puls, er det ikkje godt å seie kven som saknar kven mest av musikarane og publikum. Endeleg får vi sjansen til å gå på konsert igjen, i kontrollerte og trygge rammer, og artistane får ei etterlengta scene å stå på.

Den dagen Mira sette ord på ønsket om å spele på Førdefestivalen, hadde ho nyleg vore her: I 2016 fekk ho Sparebanken Vest sin musikkpris saman med to andre unge musikarar. Prisvinnarane fekk festivalpass og kunne gå på så mange konsertar dei ville.

Mira hugsar følelsen av å tumle rundt i ein litt for stor godtpose og smake på folkemusikk frå heile verda.

— Det var ein draum som blei verkeleg.

To år seinare var det hennar tur. 9 Grader Nord spelte med fullt band i 2018, også den gongen på Larris scene på Scandic Sunnfjord hotell. Førdes desiderte klubbscene hadde nett opna dørene og er i dag ein viktig spelestad på festivalkartet.

Strålande smil etter ein vellukka konsert i 2018. Foto: Amalia Pop

9 Grader Nord består av Mira og søstera Dipha Thiruchelvam på vokal, gitar og fløyte, Jakob Sønnesyn på bass og Jakob Sisselson Hamre på perkusjon.

Bandet står med eitt bein i byen Jaffna på Sri Lanka der foreldra til Mira og Dipha kjem frå, og eitt i bergensbølgja, den som begynte med rockebandet Fjorden Baby! i 2005 og gjorde Bergen til ei boblande gryte av nye band og feit lyd.

«Bergensbølgen ruller videre, og tar en inspirert avstikker til Sri Lanka», melde Dagbladet då 9 Grader Nord sleppte sitt aller første album i fjor haust: «Jaffna». Det er Mira som har komponert låtane på albumet. Planen var å sikte seg inn mot festivalsesongen 2020 (og resten er historie).

9 Grader Nord er ein festivalyndling. Dei siste par åra har dei spelt på Øya, Bylarm, Oslo Jazzfestival og Bergenfest med meir.

At dei skulle bli så poe blant festglade, begersvingande festivalgjengarar kom som ei overrasking, ikkje minst på dei sjølve. Dei fekk litt sjokk med det same. «Det var vill, vill béarnaise» seier Mira med referanse til bransjetreffet i Bergen med nesten same namn.

Og det var der på Vill Vill Vest at blei dei booka til Vinjerock. Det var som om dei knekte ein kode.

— Vi ser jo at musikken vår lagar skikkeleg god stemning, ler Mira.

Bjørn Tomren og Heine Bugge er ikkje beskjedne - dei kallar seg universets beste jodle- og trekkspeduo.

I 13 år har Polkabjørn & Kleine Heine reist rundt og piska opp stemninga med trekkspel, jodling og allsong, ein miks dei stablar opp på eit reisverk av svalande mellomkrigssvisker.

Publikum elskar dei, og dei har rokke å bli kjent som det mest usannsynlege oppvarmingsbandet i nyare tid, med oppvarmingsjobbar for A-ha, Mods, Deana Martin, Katzenjammer og VM på ski. Fredag 23. oktober går dei på Larris scene.

— Vel, trekkspel og jodling, det er av natur avgrensa kor bra det kan bli. Når det er sagt, så er vi universets beste trekkspel- og jodleduo, seier Bjørn Tomren i kjent, tvisynt stil.

Det er han som er polkabjørnen. Kleine Heine heiter eigentleg Heine Bugge, og dei blei ein duo i 2007.

— Vi sat i lag med kompis Hallvar Djupvik, operasongar og tredjemann i duoen viss det går an å seie det slik, og såg på YouTube-videoar frå Tirol og Bayern. Det var ein type allsong på grensa med lederhosen og påklistra smil, og det fekk oss til å tenke. I ei tid der pop-en har utspelt si rolle som ein slags motkultur, kan vi like gjerne spele trekkspel og jodle.

Det begynte som ein spøk retta mot publikum, men noko har skjedd i løpet av alle desse åra.

— Eg føler at vi er blitt spøken. Det er sikkert til pass for oss, så mykje som vi har tøysa og tulla, seier Bjørn.

Frå tull og tøys til djupt alvor med Bjørn Tomren. Pressefoto

Tøys og tull til side. I fjor kom Bjørn med soloplata «Bad science fiction», overraskande nedpå og mørk.

Han driv med ymse. I tillegg til soloprosjektet syng han i eit jazzband og i ein strupesongtrio, og no for tida er det eigentleg låtskriving som opptar han mest.

— Tekstane har ein tendens til å dreie seg om utfordringane vi står ovanfor, og då blir det gjerne litt dystert. Eg held på med eit oppfølgingsalbum som har fått namnet «Solastalgia». Det er eit nyord som beskriv angsten, eller kanskje eg heller skal seie den fortumla følelsen og melankolien, som mange kan kjenne i møte med klimaendringane for eksempel.

Solastalgia er ikkje det same som å gi opp. Bjørn fortel om Stefan Sundström, musikar og sjølverklært naturvernar og aksjonist.

— Han snakkar om å dyrke poteter og å lage kompost som noko som gjer han lukkeleg. Ein treng jo ikkje å sitte og surmule, det er alltids eit alternativ å prøve, seier han.

Prøve å jodle for eksempel. Eventuelt overlate jodlinga til Bjørn, og prøve å dyrke poteter i staden.

Frå den legendariske konserten på taket av Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2018. Foto: Amalia Pop

Vi på Førdefestivalen er glade for å kunne ønske Marja Mortensson velkommen tilbake. Ho kjem saman med fire andre musikarar i Moenje: Hilde Fjerdingøy på torader, Jo Einar Jansen på feler, Fredrik Luhr Dietrichson på kontrabass og Øystein Aarnes Vik på trommer.

Fredag 23. oktober inntar dei Larris scene med fusion av norsk folkemusikk og sørsamisk joik.

Sist gong Marja var i Førde var i 2018, året då verda for alvor fekk auga opp for henne. Ho var på ei bølgje, og Førdefestivalen var tidleg ute med å booke trioen hennar med Daniel Herskedal og Jakop Janssønn. Konserten fann stad på taket av Sogn og Fjordane Kunstmuseum og vart ein snakkis. «Årets oppdaging» skreiv norske og utanlandske musikkjournalistar. Elles i 2018 spelte trioen på Northern Expo på Svalbard og var på Japan-turné, for å nemne noko. Marja surfa på bølgja heilt inn i TV-stova og fekk spellemannspris for albumet «Mojhtestasse»

Det var masse folk, og konserten blei ein snakkis det året. Foto: Amalia Pop

«Joik og pols går opp i ei høgare eining og stortrivst saman» skreiv Nettavisens Tor Hammerø, ein av mange skrytande meldarar, då Moenje i fjor kom med debutalbumet «Klarvær». Å oppleve bandet live kan beskrivast som sterkt, grensesprengande og ikkje så reint lite forfriskande.

— Vi har det artig på scena, seier Marja Mortensson på telefon frå Trondheim nokre dagar før dei kjem til Førde for å spele på OktoberFolk.

— På det første albumet brukte vi lang tid til å finne forma på musikken. No har vi med oss eit knippe nye låtar. Vi har komponert våre eigne melodiar med ein fot i tradisjonen, og vi håper at dei vil fortelje historia på eit endå djupare plan, seier ho.

Fleire samiske spelemenn har skrive seg inn i historia. Lapp-Nils var éin av dei. På 1800-talet var han legendarisk storspelemann på begge sider av grensa, både i Trøndelag og Jämtland, og han har gitt namn til eitt av spora på Moenjes debutalbum.

— Nøyaktig korleis det lét når Lapp-Nils spelte fele veit vi ikkje, for vi har ingen opptak. Men vi kan jo tenke oss det, seier Marja.

Det finst fleire slåttar og polsar som er overleverte etter samiske spelemenn. Sør- og umesamisk joik var derimot i ferd med å forsvinne då Marja greip fat i den. Det fanst enkelte opptak og nedteikningar, men tradisjonen var knapt levande. Mykje gjekk tapt i fornorskingspolitikken, og sørsamisk blir i dag snakka av mindre enn tusen menneske i Norge og Sverige.

Marja ville redde melodiane som lenge hadde vore stille. Ho leitte i gamle arkiv, og ho tok seg eit friår etter vidaregåande for å vere saman med dei eldre, spesielt bestemora, og lære om kulturen og reindrifta.

Ho har utvikla ein eigen joikestil, tradisjonell og nyskapande på same tid.

— Joiken er på mange vis ein filosofi. Den er musikk, selskap, historieforteljing med meir. Langt på veg handlar det om kva følelse du har lyst til å formidle til deg sjølv og andre. Stemma og joikemelodiane har gjerne ei beskrivande form og treffer sterkare enn ord. Det er nesten som om språket ikkje strekker til, seier ho og siterer joikar Biret Ristin Sara:

«Joiken begynner der orda tar slutt».

I tillegg til dei banda som allereie er nemnde, blir det musikk som spenner frå det heilt lokale til Midtausten.

Laurdag 24. oktober blir det gratisk lunsjkonsert med dei to distriktsmusikarane i Vestland, Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug, på kafé Sobra.

Ole Nilssen & Ingrid Schei Stuhaug serverer sine lokale slåttefavorittar - frå Løten og Sunnfjord!

Seinare på laurdagskvelden speler Sharqant i Førde kyrkje. Dei har bakgrunn frå Syria og Irak, men held til i Bergen, og det er grunnen til at vi kan tillate oss ei musikalsk reise til Middelhavsregionen i koronatida.

Sharqant spelar i Førde kyrkje på FN-dagen, laurdag 24. oktober.

I eit intervju på Jazz i Norge, fortel gitaristen Manar Alhashemi om Sharqant:

– Vi er tre-fire gutter her i Bergen som spiller arabisk musikk. Vi kaller det “østover havet”-musikk, det er musikk fra Syria, Irak, Palestina, de områdene. Det er en felles musikk-kultur, et felles språk, et område med en egen kultur, egen mat, egen musikk. De deler rytmer og egne skalaer, maqam – skalaer med kvarttoner i. Det finnes ni hovedskalaer, og det som er fint egentlig, er at kvarttonene også finnes i norsk folkemusikk.

Musikk er ein av måtane vi kan reise på i desse koronatider, og med Sharqant i Førde kyrkje blir du med til MIddelhavsregionen.

Etter den lågmælte konserten i kyrkja, går stjernelaget Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan i trioen Gammalgrass på scena på Larris. Med stort overskot og enorm leikelyst serverer dei den herlegaste salongmusikk du kan tenke deg. Vi snakkar verdsklasse, og ingen konsert med dette trekløveret er den andre lik.

Ola Kvernberg, Stian Carstensen og Ole Morten Vågan - tilbake i Førde med sin eminente gammalgrass-musikk!

Då dei etablerte trioen Gammalgrass, oppdaga dei at norsk gammaldans på mange måtar er overraskande lik tradisjonell bluegrass. På den andre sida er det også noko som skiljer dei to musikkstilane: Kvifor er det så lite improvisasjon i norsk folkemusikk? Dette vart eit oppdrag for trioen Gammalgrass å finne ut av - og gjere noko med.

Med stort overskot og enorm leikelyst serverer dei den herlegaste salongmusikk du kannke deg, med innslag frå kvar ein krik og krok i Europa og frå samtlege musikalske sjangrar. Vi snakkar verdsklasse, og ingen konsert med dette trekløveret er den andre lik.

— Vi har åttendeler til alle, seier Carstensen & co og håpar dei ser deg på OktoberFolk.

Pressekontakt

Torill G. Faleide

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27

Relatert materiale