Nyhet -

— Opplev noko anna enn i Oslo!

Annleis-festivalen der du finn nye favoritt-artistar.

For første gong kan Førdefestivalen tilby superpass som gir tilgang til heile festivalen. Er du under 25 år, er det ekstra rimeleg. Her kan du lese om to billige måtar å gjere Førdefestivalen på.

Eitt pass - 71 arrangement på 30 arenaer - artistar frå 21 land.

Er du under 25 år, får du superpass til heile festivalprogrammet for berre 1500 kroner. Dei over 25 år betaler 2800. Med pass får du tilgang til alle konsertane ved ledig kapasitet, i tillegg til rabattpris på kurs. Ønsker du å vere sikker på å få plass, kan du booke plassbillett enkeltvis for ein tjuekroning utanom.


Førdefestivalen har også eit stort tilbod til born og barnefamiliar. Her frå konserten med Ibou Cissoko og Solo Diarra i parken på Festplassen.


Utlandet i vestlandet

— Prøv noko nytt og annleis enn det du opplever i Oslo.

Det seier Ragnhild Bjørkum Vassbotn (24), Magda Thomsen (23) og Christina Eide (25). Dei sit og mimrar om fjorårets festival i Førde.

— I Oslo, eller på andre av sommarens festivalar, blir det mykje den same musikken og dei same artistane. I Førde får du unik musikk og god stemning - og vestlandsfjella på toppen, seier Magda Thomsen.

— I staden for å bruke pengane dine på å reise på backpack-tur til Søraust-Asia, kan du dra til Førde og få dei kulturelle møta der. Du får oppleve musikken og kulturen, og kanskje kjem du i prat med nokon og får venner for livet. Turen til og frå Førde gjer du til ein happening i seg sjølv, det er masse fine telt- og fjellturar på vegen, seier Christina Eide.

— Du treng ikkje å reise til utlandet, du kan berre reise til Vestlandet, seier dei og ler av det utiltenkte rimet.

I år kan du mellom anna høyre Ebo Krdum, den sudanesiske musikkaktivisten som har flykta til Sverige. Med sin African Blues & Afrobeat vil han kjempe for fred og fridom i verda, og har norgespremiere på festivalen i Førde.


På innsida av vestlandet

Ragnhild Bjørkum Vassbotn er kanskje verdas beste ambassadør for Førdefestivalen. Ho er dotter av Hilde Bjørkum, som starta festivalen og dreiv den i nesten tre tiår. Ho er akkurat ferdig med ein bachelor i musikkvitskap i Oslo, og gjennom studentarsamfunnet har ho blitt venner med Magda Thomsen og Christina Eide.

Christina, Ragnhild, Magda og Ida (bak) hadde travle dagar som frivillige på Førdefestivalen, men fekk også tid til å lage mat.

I fjor sommar sat venninnegjengen og lurte på kva dei skulle finne på i koronasommaren. Ragnhild lokka dei med til Førde på ein variant av Førdefestivalen som vart arrangert i 2021, trygt og utan smitte. Under temaet Heime var det like mange arrangement, men litt færre arenaer og artistar enn i eit vanleg festivalår. Totalt spelte artistar frå 24 land, alle busette i Norge.

— Kombinasjonen festival, folkemusikk og sommarferie, det var ein no-brainer, seier dei.

Folkemusikk-CV-en deira var allereie bra.

— Vi er glade i folkemusikk og vane med å jobbe som frivillige, seier dei.

Med tilgang på så mange konsertar, mot to arbeidsskift i løpet av festivalen, er det å vere frivillig ein miks av å jobbe og å gå på festival.

Framsyninga SKAUT med FRIKAR. Ei mektig framsyning, til ettertanke.

— Vi jobba på artistservice - eller festivalservice som vi døypte det om til - kontoret som gjer alt frå å samle saman tilgjengelege pledd på lageret, til å servere mat til svoltne festivalfolk.

— Å jobbe som frivillig er ein fin måte å bli kjend med ein festival og folka på. Ein set endå meir pris på konsertane, når ein får sett dei frå baksida.

Budsjett x 2

Det er altså to måtar å gjere Førdefestivalen på lågt budsjett på, spesielt for deg under 25 år.

1: Kjøp superpass UNG og ta ting som dei kjem, i ditt eige tempo. Du slepp å planlegge alle konsertane du vil gå på og å kjøpe billettar. Kanskje oppdagar du ein ny favorittartist - og følger hen ei impulsiv løype gjennom festivalen.

2: Jobb som frivillig. Brett pledd og aus opp mat til svoltne festivalfolk, som etter kvart blir som familiemedlemmer. Bli kjent med festivalen frå innsida.

Det vart full klaff for Kajsa Balto og hennar flotte band på Førdefestivalen. Her frå konserten deira på Vesle Kinn. Foto: Arve Ullebø.

Høgdepunkt x 3

Dei tre venninnene kvar sitt høgdepunkt frå i fjor.

Magda:
— Eg var ferdig med skiftet mitt og gjekk ut i gatene for meg sjølv. Mellom trea i parken kom eg forbi ei scene, der eit band spelte irsk folkemusikk, noko av det vakraste eg veit. Så då sette eg meg ned under teltduken og høyrde på, og slik gjekk det til at eg fekk eit nytt favorittband: Anders Lillebo Trio.

Valkyrien Allstars sette punktum for ein fantastisk laurdagkveld på festivalen i 2021. Foto: Knut Utler

Christina:
— Eg hadde flaks: Eit av mine absolutte favorittband - Valkyrien Allstars - spelte laurdagskvelden. Eg har møtt dei før; heile bandet signerte faktisk russedressen min for nokre år sidan. Eine dagen på jobb i artistservice enda eg med å køyre tre turar til bandet med ting dei trengde. Ikkje berre kjende dei meg igjen på grunn av det, men dei hugsa meg frå russetida også. Først dreiv eg med «problemløysing» for dei tidlegare på dagen, så høyrde eg dei på konsert og så trefte eg dei i baren etterpå. Full pakke!

Ragnhild:
— Høgdepunktet mitt var nok Kajsa Balto  første dagen. Litt fordi det var den første konserten eg fekk oppleve under festivalen, og den set alltid stemninga litt for min del, men også fordi musikken til Kajsa Balto er heilt sjukt kul og kjempefin på same tid.

Related links

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • førde
  • mangfald
  • musikkfestival
  • verdsmusikk
  • sunnfjord
  • førdefestivalen
  • vestland

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27

Relatert innhold