Nyhet -

​Publikum har bestemt årets line-up

Førdefestivalen gjekk ut og spurde publikum kva artistar dei ønsker å høyre att. Svara som kom inn, gjev rom for ettertanke.

Når Førdefestivalen feirar 30 år i år, så gjer dei det med ein ønskefestival. «Vi vil ha Kroke frå Polen», svarte dei aller fleste då dei fekk ønskje seg ein reprise. Tett følgd av, og nemnt i tilfeldig rekkefølge: Urna frå Indre Mongolia, Sarah Savoy frå USA og Marko Markovic Brass band frå Serbia. Valet av artistar gjev rom for ettertanke.

Den store krafta
Det er noko spesielt med folkemusikarar. Dei er unike og karakteristiske, som ei motstraum-mainstream-bølgje som vaskar inn over musikklandskapet. I tillegg har dei ofte måtta kjempe for tradisjonane sine.

Dei store linjene i folkemusikken fell påfallande ofte saman med historiske hendingar og storpolitikk. Konflikt og naud har opp gjennom historia sendt heile folkeslag på vandring, og dei som har halde folkemusikken levande, har ofte eksistert i ytterkanten av den fredelege periferien.

Kroke frå Krakow var eit av dei aller første banda som spelte i det jødiske kvartalet etter andre verdskrig og utreinskinga av den jødiske befolkninga. Dei har fronta klezmer-musikken i meir enn tretti år, men også kjempa for retten til å sprenge sjangermerkelappen med å mikse fleire stilartar.


Marko Markovic og andre gypsyar har måtta kjempe for levesettet sitt i Serbia, men Marko har også måtta kjempa for retten til å velje sin eigen veg innanfor gypsykulturen.

Urna Chahar-Tugchi og det nomadiske folket i Indre Mongolia har fått kjenne den kinesiske pisken og imperialismen, men for henne er røtene alt. Ho ber med seg ei urgammal innsikt. Folk som er på konsert med Urna, seier gjerne at det skjer meir enn det som møter auga.


Sarah Savoy frå Louisiana i USA si historie er på ein måte omvend og set det heile i perspektiv. Ho ville vere annleis og flørta med punk og metal. Ho flytta til Russland berre for å oppdage kor mykje ho treng sin eigen kultur.


Den viktige historieforteljinga

Førdefestivalen ønskjer å dele desse historiene og kunnskapen med publikum. Difor har festivalen sendt ein liten medieduo på kryss og tvers gjennom Europa. Dei har reist heim til musikarane, før musikarane kjem til festivalen.

Dette har resultert i ein serie langlesingar og videoar under tittelen MØT ARTISTEN SPESIAL. Desse ligg tilgjengeleg på festivalen si heimeside. 

- Folkemusikken fortel ei historie same kvar den kjem frå, og under festivalen i Førde er vi privilegerte som får møte kulturar, musikk og tradisjonar frå alle kantar av verda. Likevel, det å møte desse musikarane heime hos dei sjølve, der dei òg deler historiane med ord, gjer noko ekstra med oss som lesarar, publikum og menneske, seier Førdefestival-direktør Per Idar Almås, som i tillegg til desse fire artistane presenterer ei rekkje gjensynsartistar og heilt nye artistar på sitt aller første festivalprogram for Førdefestivalen, 3.-7. juli 2019.

Related links

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • folkemusikk
  • førdefestivalen
  • musikkfestival
  • førde
  • sogn og fjordane
  • world music
  • verdsmusikk
  • verdensmusikk
  • kroke
  • marko markovic
  • sarah savoy
  • urna

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27