Pressemelding -

Alt kunsten kan berge

Stengde dører, tomme salar. Lite inntekt, mykje isolasjon. Ein skulle tru at ein verdsomspennande pandemi kunne tvinge kunsten i kneståande. Etter gjenopninga ser vi tvert om at kunsten har enorm overlevingskraft. I år vil Førdekonferansen tematisere korleis kunsten kan berge oss i kriser, både som enkeltmenneske og samfunn, både som publikum og utøvande.

Når utviklingsminister Anne Beathe Tvinnerheim opnar Førdekonferansen, er verda ramma av endå ei krise. Krigen i Ukraina har sett verdsfreden på spel. Vi har vore redde denne vinteren. Kveld etter kveld har vi følgt rapportane frå den ukrainske grensa, der Roger Sevrin Bruland har fortalt om det ufattelege, men òg om det ukuelege. Frå alle samfunnslag og profesjonar har ukrainarane væpna seg og tatt landet sitt i forsvar, også kunstnarane. Samstundes flyg songane over grensene.

Verdsveven gjer solidariteten handfast og samlande. Stille protesterer kunstnarvener i land etter land på sterkaste vis. Den ukrainske nasjonalsongen høyrer vi dagstøtt, spelt på all slags instrument, i alle slags rom. Frå små kjøkken til store konsertsalar. Frå ei skjør barnestemme i eit bomberom til eit mektig kor på taket over operahuset.

Margunn Indrebø Alshaihk frå Førde har arbeidd i mange år ved SN si utviklingsavdeling i Botswana.

Andre stader har kunsten endå verre vilkår. The Afghanistan National Institute of Music held ikkje lenger til i Afghanistan. Heile musikkinstituttet har flykta til Portugal, etter at Taliban tok over makta i landet. Ahmad Sarmast er grunnleggar og direktør ved senteret, og fortel om arbeidet med å sikre utdanninga for studentar i musikk og kunst, trass i den vanskelege situasjonen landet på nytt har kome i. Korleis kunst likevel kan bidra til brubygging, gjereising og ytringsfridom vil Margunn Indrebø Alshaikh utdjupe. Ho arbeider ved FN sitt utviklingsprogram i Botswana. Frå eit utdannings- og forskingsperspektiv vil Oded Ben-Horin frå Høgskulen på Vestlandet gå nærare inn på kunsten si mulege rolle som brubyggar i framtidige konflikter og kriser.

Vidare i programmet mønstrar konferansen forfattarar, musikarar og visuelle kunstnarar. Alle har til felles at eksilet har vore naudsynt og styrande for kunstnarskapa. Korleis kan ein likevel halde fast på sitt eige og halde fram med å vere skapande?

Agnete G. Haaland er nestleiar i norske PEN.

I mange land risikerer kunstnarar å bli fengsla for fredelege ytringar. Agnete G Haaland er nestleiar i norske PEN og vil komme inn på korleis vi kan medverke til å styrke ytringsfridomen når den vert forsøkt knebla. Gunn Karoline Fugle, Siv Førde Refsnes og Inge Nordhaug har ulike spesialiseringar innan barnepsykiatri. I Botswana leier dei eit prosjekt der musikk blir til hjelp for born som har mista foreldra sine til HIV og AIDS.

Alle har rett til å delta i kulturlivet og til å oppleve kunst. Slik står det å lese i artikkel 27, i dei internasjonalt anerkjende menneskerettane som vart vedtekne i FN allereie i 1948. Tilgang til kunst og kultur er ikkje mindre enn ein grunnleggande menneskerett. I kriser kjem vi nærare ei forståing av kvifor det må vere slik og kor vesentleg kunsten er, både i grunnmuren i samfunnet vårt og i oss sjølve.

Slike innsikter vil Førdekonferansen utforske og utdjupe gjennom journalistiske, akademiske, politiske og først og sist ei rekkje kunstnarlege perspektiv.

Førdekonferansen vert arrangert av Førdefestivalen i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet, Sunnfjord kommune, Tekstallianse og Kunsthall 3,14. Konferansen er støtta av Kulturrådet.

Related links

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • førdekonferansen
  • vestland
  • kunst
  • sogn og fjordane
  • førde
  • kulturkonferanse
  • sunnfjord
  • konferanse

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Om lag 250 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom rundt 80 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EFFE-AWARD 2019-2021, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990, og vert alltid arrangert i veke 27.

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27