Pressemelding -

Det året verda ikkje kjem til Førde

Førdefestivalen har avlyst årets festival, og heile det planlagde programmet er utsett til neste år. Festivalen legg likevel opp til å skape litt festivalstemning dei dagane festivalen skulle gått av stabelen, 1.-5. juli. -I nesten eit år har vi hatt festivalen i veke 27 som det store målet. No skulle vi eigentleg ha ønskt artistar frå heile verda, frivillige frå nær og fjern, publikum i alle aldrar og gjester frå kultur- og næringsliv velkomen til fem dagar med hektisk festivalaktivitet, seier direktør for Førdefestivalen, Per Idar Almås. I staden blir det fire dagar med popp opp konsertar, ein piknik-konsert i parken og konsertar på eldresentera i kommunen. 


Piknik-konsert med norsk-senegalesisk duo

På Festplassen kjem det flotte telttaket på plass igjen denne veka og plassen under taket blir arena for den einaste billetterte konserten festivalen arrangerer i juli: piknik-konsert med norske Selma Bolstad og Ibou Cissokho frå Senegal. -I denne duoen møter hardingfela koraen, den vest-afrikanske harpa. Tradisjonar frå Valdres og Senegal smeltar saman til nye uttrykk når stemmene til Bolstad og Cissokho møter strengene frå instrumenta deira, seier Almås. Konserten er korona-tilpassa, og har berre plass til 100 personar, som til gjengjeld får sitje ved småbord - og er velkomne til å ta med mat og drikke. -Piknik-konsert har vi visst ikkje hatt før på festivalen, legg Almås til, men om det blir ein suksess, kan det jo skje igjen.

Popp opp konsertar med vest-afrikanske rytmar 

Torsdag og fredag nyttar festivalen Førde sin eigen kulturhengar, og tek med seg duoen Ibou & Solo; Ibou Cissokho og Solo Diarra, på ein mini-turné. Dei to musikarane kjem frå høvesvis Senegal og Burkina Faso, men er busette i Oslo. -Det blir tre konsertar torsdag og tre fredag. Hengaren med vest-afrikanske rytmar kjem til å stoppe ved eit sjukehus, eit kjøpesenter, eit museum, ein barnehage, eit burettslag og på eit torg. Tidspunkta vert ikkje opplyste, men viss du ser festivalbanner, vimplar eller anna festivalmateriell når du er ute og går, er det eit teikn på at det skal skje noko der, forklarer direktøren. -Hengarkonsertane er gratiskonsertar, og i tillegg til desse og konserten i parken vil fire av omsorgssentera i kommunen onsdag kveld få konsertar med Indre Sunnfjord Spelemannslag.

Utvidar med festivalhelg i oktober 

Førdefestivalen har også eit heilårleg konsert-tilbod, og etter avlysinga av festivalen, har staben brukt tida på legge programmere ei festivalhelg 23.-25. oktober. -Vi ønskjer å tilby levande musikk til publikum, og no nyttar vi dette spesielle året til å lage eit to-dagars opplegg med 2-3 artistar kvar dag. Programmet for helga vil bli lansert seint på sommaren, seier Almås. Konsertane vil skje på Larris Scene, i tillegg til ein konsert i Førde kyrkje. 

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • musikkfestival
  • folkemusikk
  • førde
  • førdefestivalen

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 250 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom rundt 90 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vart i 2019 heidra med EFFE AWARD 2019-2020, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er rangert blant Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27