Gå videre til innhold
Førdefestivalen 2020 er avlyst, det betyr at scener som dette, som er frå den herlege festivalbrunsjen i parken i 2019, vil ingen få oppleve i Førde i år.
Førdefestivalen 2020 er avlyst, det betyr at scener som dette, som er frå den herlege festivalbrunsjen i parken i 2019, vil ingen få oppleve i Førde i år.

Pressemelding -

Førdefestivalen 2020 er avlyst

Styret for Førdefestivalen har i dag vedteke å avlyse årets festival, som skulle gått av stabelen om to månader, 1.-5. juli. -Det er med svært tungt hjarte vi avlyser den 31. Førdefestivalen, men ut frå restriksjonar som er gjeldande fram til 1. september og smittevernreglar, er det ikkje råd for festivalen å gjennomføre dei planlagde arrangementa i juli, seier styreleiar Arne Osland.


Utset årets program til 2021

Parallelt med vedtaket om å avlyse årets festival, har leiinga i Førdefestivalen bestemt at heile 2020-programmet vert utsett til 2021. -Det betyr at alle artistar som stod på programmet i år, har fått tilbod om oppdrag i Førde neste år, fortel direktør Per Idar Almås. Han håpar dei aller fleste av dei vil takke ja, slik at vi kan presentere desse flotte artistane i Førde 7.-11. juli 2021. -Vi er i ein heilt uverkeleg situasjon, og for ein internasjonal festival som Førdefestivalen, med artistar frå 29 ulike land og arrangement som samlar rundt 25000 publikummarar, finst det ikkje noko anna alternativ enn å avlyse.

KONTAKTPERSONAR:

Per Idar Almås, direktør – mobil 91 54 56 03 – e-post: peridar.almas@fordefestival.noTorill Faleide, kommunikasjonssjef – mobil 90 73 85 27 – e-post: torill.faleide@fordefestival.no

Emner


Førdefestivalen er eitt av dei største fleirkulturelle arrangementa i Norge, og største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia. Festivalen mottok i 2019 EFFE AWARD 2019-2020, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger, kåra av European Festival Association. Kvart år vert omlag 250 artistar frå heile verda presenterte gjennom rundt 90 arrangement. Totalt besøkstal er 25-30 000 per år. Førdefestialen også ranka på eksklusive festivallister i the Guardian og hos National Geographic Travel. HKH Kronprinsesse Mette-Marit er høg beskyttar for festivalen som sidan 1990 har vore arrangert i veke 27 kvart år. 

Pressekontakt

Torill G. Faleide

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27

Relatert materiale