Pressemelding -

​Programmet for Førdefestivalen 2021 er klart

Førdefestivalen 2021 går av stabelen om knappe tre månader, 7.-11. juli, og no er heile programmet klart. Temaet for årets festival er HEIME, men programmet er internasjonalt som alltid. Verda kjem til Førde også i år, om enn på ein litt annan måte. Det blir musikk frå 24 land, men musikarane som står på scena bur alle i Norge. - Festivalprogrammet er stort, går over fem dagar, omfattar fleire urpremierar og nye produksjonar, og totalt like mange konsertar som eit vanleg år, seier direktør Per Idar Almås. Den store skilnaden er at festivalen i år vil ha svært redusert publikumskapasitet. Det er med andre ord all mogleg grunn for alle som vil på festival å sikre seg billettar til konsertane på førehand.


Redusert publikumskapasitet

-Den største utfordringa for Førdefestivalen oss er heilt klart at vi får mykje mindre publikumskapasitet enn vanleg. Til dømes planlegg vi no dei største konsertane våre for maks 200 personar, medan vi vanlegvis har sitjeplass til over 1900 i den ombygde idrettshallen! forklarer Almås. -Det høyrest jo sprøtt ut, men vi har bestemt oss for å gjere det, på same tid som vi håpar at vi no er på så rett veg at kapasiteten kan aukast, iallfall i så store lokale. Av smittevernomsyn har vi alt sett oss nøydde til å ta ut eit par tradisjonsrike arenaer frå årets program, og er det noko vi er budde på, så er det endringar, kanskje heilt fram til festivalen startar.

Kvederkvintetten kjem med tingingsverket TAGAL av Jorun Marie Kvernberg. 

Urpremierar og nye prosjekt

I Førde i juli er det første gong du kan høyre tingingsverket Jorun Marie Kvernberg har komponert for Kvedarkvintetten. Tittelen er Tagal, og dette handlar om den ordlause folkesongtradisjonen, det såkalla trallespråket. -Dette er eit personleg og individuelt språk som kvar enkelt utøvar utviklar og er åleine om, og det er såleis unikt for Kvedarkvintetten å finne eitt felles trallespråk for fem stemmer, seier Kvernberg.

Folkemusikken og forteljingane er eit nytt samarbeid mellom Førdefestivalen og Rom for ord. Dette er ein konsertproduksjon der vi får høyre litterære portrett av slåttekjelder, side om side med musikken vi har etter dei. Felespelaren Britt Pernille Frøholm frå Hornindal har delt sine slåttekjelder med forfattaren Marianne Clementine Håheim frå Jølster, som har portrettert dei i litterære tekstar.

Kartellet si danseframsyning Danse staur, danse staur, var eit tingingsverk til Førdefestivalen i fjor. -Temaet er menn som dansar med menn. Tradisjonen skriv seg frå Lofotfisket og går langt, langt tilbake, men den er framleis kontroversiell, i følgje Sigurd Johan Heide, kunstnarleg leiar for Kartellet. Temaet i framsyninga er også tema for ein paneldebatt, som er støtta av Fritt Ord.

I Tippe tippe tue, ein ny familiekonsert som ser dagens lys under festivalen, hentar distriktsmusikarane våre fram gamle barnerim og -regler og gjev dei nytt liv, fortel festivaldirektøren. Han er glad for at festivalen med slike produksjonar kan formidle ein viktig del av kulturarven vår til nye generasjonar.

Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola (i midten) - samlar eit superorkester i Førde. 

Summers/Silvola og stjernespekka kammerorkesterDen kritikerroste duoen Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola samlar eit topplag av norske musikarar frå folkemusikk og klassisk til å framføre spennande stryke-arrangement av tradisjonsmusikk og nye komposisjonar. -Det er fantastisk å få arbeide med eit slikt stjernespekka kammerorkester, seier den skotsk/finske duoen. Dei har bestemt seg for å spele inn plate med superorkesteret dei samlar i Førde: Bjørn Kåre Odde, Lise Voldsdal, Olav Mjelva, Vegar Vårdal, Mari Giske, Kaja Fjellberg Pettersen, Ellen Brekken, Gregor Riddell, Kevin Henderson, Erlend Viken og Selma French Bolstad.

Irene Tillung med ny vri på Ti på Taket

Etter planen var Irene Tillung & Ti på Taket på veg til Førdefestivalen med tingingsverket dei skulle ha på Vossa Jazz. Dette let seg sjølvsagt ikkje gjere når Vossa Jazz utsette sin festival til hausten, men kva gjer vel det, når Tillung og hennar musikarar foreslår å gjere noko anna dei alltid har hatt lyst å gjere, nemleg å spele meir folkemusikk? - Resultatet blir konserten Trad med Ti på Taket, der Irene Tillung og dei andre musikarane i hennar draume-ensemble har arrangert tradisjonsmateriale for eige bruk. Ein slags dugnad, rett og slett, seier ein nøgd festivaldirektør.

På same måte som Ti på Taket er eit slags draumeprosjekt for Tillung, er Norwegian World Music Orchestra, eller NOWOR, Javid Afsari Rad sin draum. I 2017 fekk han samla musikarar han har spelt med opp gjennom åra, til eitt orkester, og i juli spelar dei på Førdefestivalen for første gong.

Margit Myhr i SVIV. Foto: Thor Hauknes.

Gamle og nye yndlingar 

Margit Myhr syner den flotte danseframsyninga SVIV, der ho utforskar svivinga i den norske folkedansen. -Det skjer til levande musikk av og med Erlend Apneseth og Stephan Meidell, og med spennande bruk av video. Dette blir ei flott oppleving i den intime Teatersalen i Førdehuset, trur Almås. På programmet står også FRIKAR si Skaut-framsyning, der koreograf Hallgrim Hansegård og fem medskapande dansarar fokuserer på tematikken rundt tildekking, avdekking og kontroll av kropp. Kvinnene både strammar opp og sler ut håret gjennom bunden samtidsdans og fri folkedans.

Tindra - frå den mest aktive perioden - Foto: Ingvil Skeie Ljones

UTLA med Terje Isungset, Karl Seglem og Håkon Høgemo var tidleg ute med å kople folkemusikk, jazz og improvisasjon. I år får dei lufte seg på festivalen sin mest spektakulære arena, på Hafstadfjellet, 706 moh. -Festivalen er også svært glade for at den populære folkemusikktrioen Tindra takka ja til å samlast igjen i Førde, seks år etter at dei eigentleg la opp, seier Almås. Tindra har gjeve publikum i Førde mange høgdepunkt, og no er det duka for endå fleire.

Alexander Aga Røynstrand - Foto: Knut Utler

Sterk solotradisjon

Førdefestivalen ønskjer også å få fram den sterke solotradisjonen i folkemusikken, og sjølv om det kan virke umusikalsk i desse koronatider, har dei utfordra fleire flotte musikarar til 40-minuttars ‘tett-på’-konsertar i den nye kulturskulen i Sunnfjord. -Her får publikum møte både Håkon Høgemo, Alexander Aga Røynstrand, Camilla Granlien, Steinar Ofsdal, Jovan Pavlovic, Harpreet & Sanskriti og Øyvind Brabant.

MISS TATI'S ANGOLA70 vert å høyre i Førde. Foto: Sondre Eriksen

Smaken av verda 

I følgje festivaldirektøren finst det drøssevis med gode musikarar her til lands. Dei kjem frå alle kantar av verda, og spelar dei fleste stilar og sjangrar. Det gledelege er at i år vert mange av dei å høyre i Førde. -Publikum vil verkeleg få ein smak av verda desse dagane, seier han og ramsar opp: Miss Tati kjem med sitt nyaste prosjekt, ANGOLA70, og Busi Ncube og bandet hennar kjem med varmande rytmar frå Zimbabwe. Når Meelodi med Ole André Farstad, iranske Medi Farmani og syriske Nawar Alnaddaf i spissen spelar i Teatersalen, vil du tru at dei kjem frå alle andre stadar enn Bergen. Når Anders Lillebo Trio, med Kevin Henderson og Ronny Kjøsen spelar i parken, vil du tru at dei kjem rett frå ei av øyane langt, langt vest i havet, medan joiken til Kajsa Balto vil lokke deg til Finnmarksvidda. Når Mambo Compañeros dreg i gang sine cubanske og karibiske rytmar onsdag kveld på Larris Scene, vil dei fleste ha vanskar med berre å danse inni seg. -Og slik kan vi halde på. Årets festivalprogram speglar det solide musikkmangfaldet som finst her til land, og vi gler oss veldig til å presentere alle desse flotte musikarane i Førde, seier ein stolt direktør.

Kontaktpersonar i Førdefestivalen:
Per Idar Almås, direktør, mobil 91 54 56 03, epost peridar.almas@fordefestival.no

Torill Faleide, kommunikasjonssjef, mobil 90 73 85 27, epost: torill.faleide@fordefestival.no

heimeside: fordefestival.no


ARTISTAR 2021 (alfabetisk):

Alexander Røynstrand, Anders Lillebo Trio, Bellali Austria, Bergen juniorspelemannslag, Bjørnblakken,
Britt Pernille Frøholm og Marianne Clementine Håheim, Busi Ncube Band, Camilla Granlien, Erlend Viken & Erik Sollid, Finn Tokvam & Irene Kinunda Afriyie, FRIKAR – SKAUT, Gabriel Fliflet, Hamid Sakhizada, Harpreet & Sanskriti, Hevd, Håkon Høgemo, Indre Sunnfjord spelemannslag, Ingrid Schei Stuhaug, Jovan Pavlovic & Anne Fossen, Kajsa Balto, Kari Slaatsveen, Kartellet, Kevin Henderson & Olav Mjelva, Kouame Sereba, Kvedarkvintetten, Kviven duo, Malin Alander, Mambo Companeros, Margit Myhr – SVIV, Marin Stallemo Bakke, Med døra på gløtt, Meelodi, Miss Tati’s Angola70, Morgonrode, New Conception of Raga, Novgorod, NOWOR – Norwegian World Orchestra, Ole Nilssen, One Way Out, RIID, Sarah-Jane Summers/Juhani Silvola & Sølvstrøk, Småradarane, Solo & Ibou, Spring du fela, Steinar Ofsdal, Sunnfjord juniorspelemannslag, Terje Isungset, The Kuraybers, Tindra, Tom Karlsrud, Trad med Ti på Taket, Utla, Valkyrien Allstars, Østerlide, Øyvind Brabant

Related links

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • world music
  • folkemusikk
  • musikkfestival
  • verdensmusikk
  • førde
  • førdefestivalen
  • verdsmusikk

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Om lag 250 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom rundt 80 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EFFE-AWARD 2019-2021, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990, og vert alltid arrangert i veke 27.

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27