Pressemelding -

Sølvi Lien tilsett som direktør for Førdefestivalen

Sølvi Lien frå Førde er tilsett som ny direktør og kunstnarleg leiar ved Førdefestivalen. Ho tek over stillinga i september i år. Lien er 39 år og har sidan 2006 vore tilsett som arrangementssjef ved festivalen ho no skal leie.

Med lang fartstid i Førdefestivalen som ansvarleg for den tekniske gjennomføringa av alle små og store arrangement, har Sølvi Lien inngåande kjennskap det å drive festivalen. Den nye direktøren har solid kompetanse og lang erfaring innan norsk og internasjonal folkemusikk, i tillegg til eit solid nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Sølvi Lien har også vikariert i direktørstillinga.

– Vi i styret er trygge på at vi har tilsett ein direktør som er særs kompetent til å ta Førdefestivalen inn i framtida. Med Sølvi Lien i direktørstolen har vi ein leiar med ein sterk posisjon i fagmiljøet. Ho har spisskompetanse i festivalprogrammering, og har vist evne til både å tenkje nytt og gjennomføre nye idear, seier Arne Osland, styreleiar i Førdefestivalen.

- Førdefestivalen er unik! Eg gler meg til å bygge vidare på det fantastiske utgangspunktet vi har, og skape dei beste folkemusikkopplevingane frå heile verda. Vi skal vere ein festival som rører ved folk, og eg ønskjer verkeleg at festivalen skal bety noko for endå fleire. Eg ser også at vi har ein jobb å gjere med å styrke Førdefestivalen sin posisjon som eit viktig kulturfyrtårn i Norge. seier den påtroppande direktøren, Sølvi Lien.

Related links

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • musikkfestival
  • vestland
  • førde
  • folkemusikk
  • førdefestivalen
  • sunnfjord

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Om lag 250 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom rundt 80 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EFFE-AWARD 2019-2021, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Førdefestivalen vart første gong arrangert i 1990, og vert alltid arrangert i veke 27.

Kontakter

Arne Osland

Styreleiar i Førdefestivalen 91701816