Nyhet —
Ny nettside for Fjordvegen Riksveg 13!
Me kan i dag stolt presentere nye nettsider for Foreininga for Fjordvegen RV13. Nettsidene er utvikla av Glynt AS, og er ein del av vårt strategiske arbeid med å fornye og forsterke formidlinga.
Nettsida blir ein viktig portal for oss i å nå ut med informasjon til medlemmer og andre, i høve til viktige saker for Fjordvegen RV13 uttrykkjer dagleg leiar Hans Inge Myrvold.
Med ny nettside blir det enklare med oppdatering om arbeidet i foreininga. Alt i frå kunngjeringar, aktuelle møter og konferanser og ikkje minst politiske utspel. Me ser fram til enno fleire besøkjande til nettsidene frametter, avsluttar Myrvold.
Emner
- Politikk
- Regjering
- Lokal/regional påvirkning
- Stortinget
- Politikk, allment
- Partnerskap, samarbeid
- Statlig, kommunal forvaltning
Kategorier
- kunngjeringar