Per Sævik med nokre av barnabarna som var med på namnekonkurransen då dei nye kystruteskipa skulle få namn. Foto: Arne Flatin/NRK
Nyhet -
Barnebarna ga namn til kystruteskipa
Då kystruteskipa til Havila skulle få namn, utlyste eigar og gründer Per Sævik ei namnekonkurranse mellom barnebarna.
Havila Kystruten er eit familieeigd reiarlag, og styreleiar, eigar og bestefar Per Sævik gav dei åtte barnebarna sine utfordringa med å finne namn til skipa.
Barnebarna skulle kome med forslag til namn som både hadde med Havila-namnet og namnet på ei stjerne.
Avgrensinga til namn frå stjernehimmelen heng saman med at sjøfarande til alle tider har navigert etter stjernene, og at det å ha ei leiestjerne å styre etter er viktig anten ein er på land eller sjø.
Dei fire skipa får namna
- Havila Castor
- Havila Capella,
- Havila Polaris
- Havila Pollux