Gå videre til innhold
Signe Gunn Julnes og Aud Orøy ser fram til å ta imot nye studentar til masterstudiet hausten 2022.  Her på plass på øvingsavdelinga der studentane får øvd seg på ulike sjukdomscenarier ved bruk av avanserte simulatordukker. Foto: Jens P. Straumsheim
Signe Gunn Julnes og Aud Orøy ser fram til å ta imot nye studentar til masterstudiet hausten 2022. Her på plass på øvingsavdelinga der studentane får øvd seg på ulike sjukdomscenarier ved bruk av avanserte simulatordukker. Foto: Jens P. Straumsheim

Nyhet -

Klart for ny master innan avansert klinisk allmennsjukepleie

Høgskolen i Molde har av NOKUT fått godkjent oppstart av ny master i avansert klinisk allmennsjukepleie frå hausten 2022. Det er planlagt 30 studieplassar og studiet vil bli tilbydd som eit deltidsstudium over 3,5 år.

Stort behov for avansert klinisk kompetanse i kommunane

- I kjølvatnet av samhandlingsreforma har behovet for sjukepleiarar med avansert klinisk kompetanse auka kraftig, seier Signe Gunn Julnes og Aud Orøy, begge førsteamanuensar ved HiMolde, Avdeling for helse- og sosialfag.

Pasientar som før blei behandla på sjukehusa får i dag i større grad behandlinga i si heimekommune, anten på sjukeheim eller i eigen heim. Det krev auka kompetanse i kommunehelsetenesten, kommunale legevaktar og i heimesjukepleien, seier dei to.

- Vi har dei seinare åra sett ei kraftig auke i heimebehandling av pasientar med bruk av avansert teknisk utstyr. Eksempelvis pasientar som er avhengig av dialyse og pasientar som nyttar respirator. Antall heimerespiratorar har til dømes auka frå 2952 i 2014 til 4996 i 2018. Mange av pasientane har ofte samansatte og komplekse diagnosar, noko som krev heilskapstenking og kompetanse til å observere, vurdere og sette saman tiltak for pasienten.

I ei undersøking gjort i 2019, oppga mange sjukepleiarar at dei mangla tilstrekkeleg kompetanse til å handtere dei auka krava til behandling etter samhandlingsreforma.

Frå vidareutdanning til mastertilbod

Frå før har HiMolde ei viderautdanning innan avansert klinisk sjukepleie, detid over to år.

- Vi utvidar no tilbodet til ein mastergrad for å imøtekome dei auka krava til kompetanse i primærhelesetenesta seier Orøy og Julnes. Studentane skal i tillegg til dei teoretiske faga også ut i klinisk praksis i minimum 12 veker. Antallet studentar vil vere kun 30, noko som skal sikre at vi kan halde høg kvalitet på både studentane vi tek opp og praksisplassane som vert tilbydd.

Studentane som fullfører studiet kan søkje godkjenning som spesialist hjå Helsedirektoratet. Dit kan også kommunar som ynskjer å sende sine sjukepleiarar søkje om tilskot.

Etter at NOKUT nyleg godkjende studiet, søkjer Høgskolen i Molde no Kunnskapsdepartementet om retten til å tilby graden Master i avansert klinisk almennsjukepleie. Når den godkjenninga kjem vil alle detaljar om studiet bli kunngjort på høgskulens heimesider. 

Fristen for å søkje opptak er 15. april 2022.

Emner

Tags

Regions

Pressekontakt

Jens Petter Straumsheim

Jens Petter Straumsheim

Pressekontakt Informasjonssjef 95700194
Jan Ragnvald Eide

Jan Ragnvald Eide

Pressekontakt Rådgiver 712 14 109

Vitenskapelig høgskole i logistikk

Høgskolen i Molde skal være en møteplass for kunnskapsbygging, der studenter og forskere skal kunne få utvikle sitt talent og sine faglige interesser i et åpent og attraktivt miljø. Vi ønsker å være en fleksibel høyskole som utdanner reflekterte og endringsorienterte kandidater, som utfører forskning på anerkjent internasjonalt nivå og som bidrar til å fremme regional utvikling og nyskaping i samarbeid med arbeids- og samfunnsliv.

Høgskolen i Molde
Britvegen 2
6410 Molde
Norge