Gå videre til innhold
Studentane ved HiMolde er blant dei mest nøgde. Foto: Colourbox
Studentane ved HiMolde er blant dei mest nøgde. Foto: Colourbox

Nyhet -

Studiebarometeret - Mykje positivt for HiMolde

NOKUT legg i dag fram resultata frå årets Studiebarometer, og for HiMolde er det mykje å glede seg over. Framgang på fleire studieretningar og høg svarprosent (60%, mot landsgjennomsnitt på 49%) gjer at det er grunn til å feire.

Svært mange av studieprogramma ved HiMolde opplever god framgang på årets studiebarometer.

Ved Avdeling ØS gleder dekan Kari Bachmann seg over gode tal.

Dekan Kari Bachmann
Dekan Kari Bachmann ved Avdeling ØS

- Dette tek vi som eit teikn på at det omfattande arbeidet som er lagt ned ved avdelinga har gitt positive resultat. Etter at fleire studieprogram fekk lav score for eit par år sidan, har avdelinga gjort ei rekkje tiltak. Emner har fått nytt fagleg innhald, rekkefølgen av emner er blitt endra og nye valgfrie emner er blitt lagt til seier ho.

- Det har óg vore viktig å ta på alvor studentane sine tilbakemeldingar når det gjeld yrkesrelevans og arbeidslivstilknytning. Dette har mellom anne resultert i auka bruk av gjesteforelesarar, utplasseringsordning og moglegheite for å skrive bachelor- og masteroppgåver for eksterne oppdragsgivarar, seier Bachmann. Til slutt nemner ho også dialogen ein har hatt med studentane, gjennom kullmøter og kvalitetsteam, som viktige med hensyn til å betre både studiemiljøet og det sosiale miljøet.

Gode tal også for HiMolde samla sett.

På den sokalla "Alt i alt"- scoren vert studentane spurde om kor nøgde dei er med det studiet dei går på. Studentane ved HiMolde er alt i alt meir nøgde med studiet sitt i år enn i fjor og dei er meir nøgde enn landsgjennomsnittet. Skalaen går frå 1 til 5 og studentane ved HiMolde gir ein samla score på 4,3. For alle tre avdelingane er samla score over landsgjennomsnittet på 4,1:

  • 4,2. for Avdeling ØS
  • 4,3 for Avdeling HS
  • 4.4. for Avdeling LOG

Det vil bli ein fyldig presentasjon av heile rapporten om nokre veker. Vi kjem attende med tid og stad.

Sjå samlerapport for HiMolde her

Sjå alle resultata frå Studiebarometeret her.

Om Studiebarometeret

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking som blir sendt ut til over 60 000 studentar kvar haust. Undersøkinga spør kva studentane meiner om kvaliteten på studieprogramma ved norske høgskular og universitet. Målet med Studiebarometeret er å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning og gi nyttig informasjon om studiekvalitet.

Vert gjennomført kvart år med 2.- og 5. årsstudentar frå alle norske universitet og høgskular. Nærare 32 000 studentar har svart på årets undersøkelse, noko som gir ein svarprosent på 49 prosent. Les Studiebarometeret 2019: Hovedtendenser (pdf)

Emner

Pressekontakt

Jens Petter Straumsheim

Jens Petter Straumsheim

Pressekontakt Informasjonssjef 95700194
Jan Ragnvald Eide

Jan Ragnvald Eide

Pressekontakt Rådgiver 712 14 109

Vitenskapelig høgskole i logistikk

Høgskolen i Molde skal være en møteplass for kunnskapsbygging, der studenter og forskere skal kunne få utvikle sitt talent og sine faglige interesser i et åpent og attraktivt miljø. Vi ønsker å være en fleksibel høyskole som utdanner reflekterte og endringsorienterte kandidater, som utfører forskning på anerkjent internasjonalt nivå og som bidrar til å fremme regional utvikling og nyskaping i samarbeid med arbeids- og samfunnsliv.

Høgskolen i Molde
Britvegen 2
6410 Molde
Norge