Gå videre til innhold
Rektor Steinar Kristoffersen er nøgd med ekstra studieplassar.
Rektor Steinar Kristoffersen er nøgd med ekstra studieplassar.

Pressemelding -

Høgskolen i Molde tildelt 62 nye sjukepleieplassar

Rektor er svært nøgd med utteljinga. «Det blir ein stor jobb, men den skal me greie».

Behovet for fleire sjukepleiarar er stort. Difor aukar regjeringa kapasiteten med 500 studieplassar frå hausten 2022. 300 av plassane finansierte med friske midlar fordelt og det er Universitetet i Agder og Høgskulen i Molde som får flest nye studieplassar.

"Behovet for sjukepleiarar er stort, kanskje særleg i distrikta. Det å ha nok fagfolk i helse- og omsorgstenestene der folk bur, er eit viktig mål for regjeringa. Pandemien har gjort det endå tydelegare at vi treng fleire sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar", seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding.

"Det er mange gode kandidatar som søker seg til sjukepleiar- og spesialsjukepleiarutdanningane, men som ikkje kjem inn fordi det manglar studieplassar. Det er særleg behov for fleire spesialsjukepleiarar. Derfor skal institusjonane prioritere vidareutdanning for jordmødrer, helsesjukepleiarar, og anestesi-, barn-, intensiv-, operasjon- og kreftsjukepleiarar", seier Borten Moe.

Nøgd rektor

Rektor Steinar Kristoffersen er glad og stolt for den ekstra tildelinga. Samstundes seier han at det ikkje berre er å ta opp så mange studentar ein vil.

«Me er stolt over å få moglegheita til å ta opp fleire studentar i opptaket vårt. Men dette gjer seg ikkje av seg sjølv, det blir ein stor jobb. Me må legge til rette slik at praksisplassane blir av god kvalitet. me har eit godt samarbeid med kommunar og helseføretaket og trur me skal greie det.»

Fleire studentar til Molde og Kristiansund

Tildelinga vil slå positivt ut for studenttalet i byane, meiner rektor.

Desse ekstra studieplassane sørger for at Molde og Kristiansund kan bli studiestaden for mange fleire studentar. Me håper at dette vil kunne sørge for å dekke behovet i ein sektor med stor mangel på kandidatar. Det ser me fram til.»

Fordeling av dei nye studieplassane på ulike studiestadar/geografi

Institusjon

Nye studieplassar

Geografi

Lovisenberg diakonale høgskole

10

Oslo

Høgskulen på Vestlandet

14

Blir fordelte mellom Haugesund, Bergen og Førde

Universitetet i Agder

59

Kristiansand og Grimstad

Universitetet i Stavanger

20

Stavanger

Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet

4

Gjøvik

Høgskolen i Østfold

43

Plassane til grunnutdanninga er tenkt brukt til desentralisert utdanning i Indre Østfold, plassane til spesialsjukepleiarutdanninga er i Fredrikstad

Høgskolen i Innlandet

4

Ikkje avklart

Høgskolen i Molde – vitskapeleg høgskole i logistikk

52

Kristiansund og Molde

Nord universitet

25

Desentralisert utdanning - plassane blir fordelte på fem regionar ut frå søkargrunnlag/etterspørsel i dei ulike regionane.

Spesialsjukepleiarutdanninga er i Bodø.

VID vitskaplege høgskole

32

Plassane til grunnutdanninga er i Sandnessjøen, plassane til kreftsjukepleiarutdanninga er i Oslo eller Bergen.

Universitetet i Søraust-Noreg

37

Campus Vestfold

SUM

300

Oversikt over ekstra studieplassar som universiteta og høgskulane skal prioritere innanfor eige budsjett

Institusjon

Fordeling innanfor eiga ramme

OsloMet

30

Høgskulen på Vestlandet

30

Universitetet i Agder

20

Universitetet i Stavanger

20

UiT – Noregs arktiske universitet

15

Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet

25

Høgskolen i Østfold

10

Høgskolen i Innlandet

10

Høgskolen i Molde – vitskapleg høgskole i logistikk

10

Nord universitet

10

Universitetet i Søraust-Noreg

20

SUM

200


Emner

Kategorier


Høgskolen i Molde - Vitenskapelig høgskole i logistikk (HiMolde) har 220 ansatte og ca 3000 studenter. Høgskolen har bachelor- og masterstudier innen helse- og sosialfag, logistikk, Sport Management, IT, økonomi, og juss og samfunnsvitenskap fordelt på våre to campus i Molde og Kristiansund. I tillegg tilbys doktorgradsutdanning innen logistikk og helse- og sosialfag.

Kontakter

Jens Petter Straumsheim

Jens Petter Straumsheim

Pressekontakt Informasjonssjef 95700194
Jan Ragnvald Eide

Jan Ragnvald Eide

Pressekontakt Rådgiver 712 14 109
Yngve Hustad Reite

Yngve Hustad Reite

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver 936 83 780

Vitenskapelig høgskole i logistikk

Høgskolen i Molde skal være en møteplass for kunnskapsbygging, der studenter og forskere skal kunne få utvikle sitt talent og sine faglige interesser i et åpent og attraktivt miljø. Vi ønsker å være en fleksibel høyskole som utdanner reflekterte og endringsorienterte kandidater, som utfører forskning på anerkjent internasjonalt nivå og som bidrar til å fremme regional utvikling og nyskaping i samarbeid med arbeids- og samfunnsliv.

Høgskolen i Molde
Britvegen 2
6410 Molde
Norge