Pressemelding -

Boa Barges til Green Yard Kleven

Green Yard Kleven AS har inngått avtale med Boa Barges AS om oppgradering av Boabarges 33. Lekteren kom til Green Yard Kleven tysdag 13. oktober 2020. 

- Denne lekteren vart ombygd og oppgradert ved verftet tidlegare i år, og vi hadde eit veldig godt samarbeid den gangen. Vi er derfor svært glade for at Boa Barges kjem tilbake til oss, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Green Yard Kleven. 

Arbeidet med Boabarges 33 blir det fyrste ettemarknadsprosjektet etter at verftet vart kjøpt opp av Green Yard Group i juli i år. Oppdraget passar også godt inn i Green Yard Kleven sin strategi om å tilby eit breitt spekter av tenester innan ombygging, reparasjon, nybygg og resirkulering ved verftet i Ulsteinvik. 

- Når det gjeld nysatsinga vår på resirkulering, er arbeidet med å planlegge for resirkulering av gammal tonnasje ved verftet i full gang, og vi vil starte opp så snart godkjenning frå norske miljømyndigheiter er på plass, fortel Bollestad.  

Kontaktpersonar:

Kjetil Bollestad, Adm. dir. Green Yard Kleven AS, tlf.: 481 67 809, e-post: kjetil.bollestad@kleven.no 

Jostein Innerdal, Prosjektleiar Boa Barges AS, tlf.: 952 07 962, e-post: jostein@boa.no 

Emner

  • Industri, produksjon

Kategorier

  • ettermarknad
  • kontrakt
  • green yard kleven

Regions

  • Møre og Romsdal

Green Yard Kleven AS i Ulsteinvik er saman med søsterverftet Green Yard Feda på Angholmen ein del av Green Yard Group. Green Yard Kleven byggjer store, avanserte fartøy innan fleire segment, og tek også på seg ombyggingar og reperasjonar. Verftet har stor kapasitet for stålproduksjon, og er det verftet i Noreg som har størst grad av eigen robotisert stålproduksjon. Verftet skal også satse stort framover på å drive miljøvennleg resirkulering og modifisering av skip. Verftet er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20