Pressemelding -

Kleven har levert kabelleggingsfartøy

Kleven Verft har i dag levert byggnr. 372. Det komplekse spesialfartøyet er utvikla for kabellegging på havbotnen, og vart kontrahert av ABB i september 2015. I mellomtida har danske NKT Cables overtatt ABB si verksemd innan høgspennings kabelsystem, slik at fartøyet har gått frå ABB sin raude farge til NKT sin blå i løpet av våren.

Spesialskipet er av typen SALT 306 CLV frå Salt Ship Design, og det 140 meter lange og 30 meter breie fartøyet er blant dei største Kleven har levert. Fartøyet har innreiing for 100 personar og eit dekksareal på 1600 m2. Fartøyet går no til Karlskrona i Sverige for dåp og siste førebuingar før fartøyet skal ut i jobb.

Emner

  • Industri, produksjon

Kategorier

  • kleven verft
  • levering
  • kabelleggingsfartøy
  • nkt cables

Regions

  • Møre og Romsdal

Kleven er landets største norskeigde skipsbyggingskonsern. Konsernet leverer store og teknologisk avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar. Kleven har flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg, og går med dette mot straumen i norsk skipsbygging. Konsernet har to verft: Kleven Verft AS i Ulsteinvik og Myklebust Verft AS i Gursken i Sande kommune.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20